Azeri–Chirag–Guneshli

(Omdirigert frå Azeri-Chirag-Guneshli)

Azeri–Chirag–Guneshli (ACG, aserbajdsjansk Azəri-Çıraq-Günəşli) er eit stort oljefelt i Kaspihavet, om lag 120 km utanfor kysten av Aserbajdsjan. Det er estimert at feltet dekkjer 432,4 km².[1] Operatør på feltet er eit konsortium leia av BP. ACG-felta er estimert til å ha 5 til 6 milliardar fat petroleum. Mot slutten av 2005 var produksjonen frå åtte oljebrunnar ved plattforma om lag 240 000 oljefat per dag. Den totale produksjonen nådde meir enn 800 000 fat per dag i 2007 og kring 1 million fat per dag i 2009.[2]

Azeri–Chirag–Guneshli|
Informasjon
Operatør AIOC (BP, Chevron, SOCAR, INPEX, Statoil, ExxonMobil, TPAO, Devon Energy, Itochu, Amerada Hess)
Produksjon 1 000 000 fat/år
Funnår
Oppstart 1997
Geografi og geologi
Plassering Kaspihavet i Aserbajdsjan




Rettshavarar

BP rapporter at råolje frå ACG vert eksportert gjennom Baku–Tbilisi–Ceyhan-røyrleidninga til Middelhavet og Baku-Supsa-røyrleidninga til Supsa i Georgia, og gjennom Baku-Novorossijsk-røyrleidninga til Novorossijsk i Russland. Ein trur òg at det finst store gassførekomstar under ACG-oljefelta, som kan nyttast for den planlagde Nabucco-røyrleidninga.[3] Rapportar frå media indikerer at i følgje American Consulting Association IHS CERA (Cambridge Energy Research Associates), er Azeri–Chirag–Guneshli-feltet det tredje største feltet ut av 20 oppførte i verda. Den totale investeringa er estimert til 20 milliardar US-dollar.[4] I 2008 utgjorde olja frå ACG-feltet nesten 80 % av den totale oljeproduksjonen i Aserbajdsjan.[5]

Eigarskap endre

Rettshavarar i Azeri-Chirag-Gunashli-feltet er BP med 34,1367 %, ChevronTexaco - 10,2814 %, SOCAR - 10 %, INPEX - 10 %, Statoil - 8,5633 %, ExxonMobil - 8,006 %, TPAO - 6,75 %, Devon Energy - 5,6262 %, Itochu - 3,9205 % og Amerada Hess - 2,7213 %. Russiske Lukoil trekte seg ut av prosjektet i 2003 og selde alle rettane sine til INPEX. Avtalen var på 1,354 milliardar dollar.[6] Produksjonsdelingsavtalen vart signert av partane den 20. september 1994 for utvikling av feltet dei neste 30 åra.[2][7][8] Dagen signeringa vart utført vert feira som «Oljearbeidardagen» i Aserbajdsjan.[1] BP er operatør og leiar konsortiet AIOC.[9]

Utviklingssteg endre

Utviklinga av Azeri–Chirag–Guneshli-feltet vart delt i tre fasar og var ferdig i 2008:

  • 1. fase - utvklinga av Chirag-feltet stod ferdig og vart operasjonelt i 1997.
  • 2. fase bestod av tre fasar:
    • Fase I - utviklinga av Central Azeri-plattforma – i drift sidan februar 2005.
    • Fase II - utviklinga av West Azeri-feltet – i drift sidan desember 2005.
    • Fase III - utviklinga East Azeri-feltet – i drift sidan november 2006
  • 3. fase - konstruksjon av djupvassplattforma Gunasjli (Deep Water Gunashli, DWG) – i drift frå april 2008[9]

Kjelder endre