Opna hovudmenyen
Skjematisk framstilling av landskapa (thinai) i sangamdikting - kuṟiñci, pālai, mullai, marutam og neytal.

Sangamlitteratur (av tamil சங்க, sangam eller caṅkam) er klassisk tamilsk litteratur frå sangamtida, hovdusakleg frå det første hundreåret til rundt 300. Han skil seg frå mykje annan klassisk indisk litteratur ved å særleg ta opp sekulære tema, som kjærleik og kongedådar, i staden for religiøse. Sangamlitteraturen skal hovudsakleg stamma frå tre sangamar, eller litteraturakademi, i Madurai. Han er den eldste indiske litteraturen som ikkje er på sanskrit.

Kjende enkeltverk frå sangamtida er Tolkāppiyam, ei grammatikk- og retorikkbok på vers og Silappatikaram, ein tragedie om Kannagi. Silapattikaram er rekna med til «fem store epos» i tamilsk tradisjon. Dei andre er oppfølgjaren Manimekalai, buddhistverket Kundalakesi og djainverket Valayapathi, som berre finst att i fragment, og det seinare djainverket Civaka Cintamani. Pattupāṭṭu ('Ti lange dikt') og Paripāṭal inneheld dikt om religiøse kjensler og gudar.

Dei over tusen korte dikta kjende frå sangamtida er samla i åtte diktsamlingar (Ettuttokai): Kuruntokai, Narriṇai, Akanānūru, Aiṅkurunūru, Kalittakai, Puranānūru, Patirruppattu og Paripāṭal. Dikta skil seg frå samtidig indisk litteratur gjennom å berre ta opp sekulære tema og ved bruk av enkle litterære bilete i staden for meir kompliserte strukturar og mytologiske allusjonar. Det viktigaste skiljet går mellom «indre» (akam) og «ytre» (puram) dikt, dei førstnemnde knytte til kjærleik og den andre til heroisme. Fleire faste lyriske landskap og bilete går att i dikta: Fem ulike landskap med namn etter typiske plantar som veks der, og med ulike typar jord, folk og skikkar knytt til seg, seks ulike årstider og seks delar av døgnet, og så vidare. Metonymi er ein mykje brukt teknikk, det vil seie at ein kallar tanken mot ein ting ved å nemna ein annan han er sterkt knytt til.

KjelderEndra

  • «South Asian arts», Encyclopædia Britannica, Encyclopædia Britannica Ultimate Reference Suite. Chicago: Encyclopædia Britannica, 2011.
  • «Śaṅgam literature», Encyclopædia Britannica. Encyclopædia Britannica Ultimate Reference Suite. Chicago: Encyclopædia Britannica, 2011.