Santa Monica '72
Konsertalbum av David Bowie
Utgjeve 25. april 1994(Storbritannia)
29. mars 1995(USA)
Innspelt 20. oktober 1972
Sjanger Glamrock
Lengd 76:29
Selskap Golden Years (Storbritannia)
Griffin Music (USA)
David Bowie-kronologi 
The Singles Collection
(1993)
Santa Monica '72 Rarestonebowie
(1995)
-kronologi
Ziggy Stardust: The Motion Picture
(1983)
Santa Monica '72 LiveAndWell.com
(1999)


Santa Monica '72 er eit konsertalbum av David Bowie, spelt inn i Santa Monica Civic Auditorium den 20. oktober 1972 under Ziggy Stardust-turneen. Konserten vart sendt på radiostasjonen KMET FM,[3][4] og var berre tilgjengeleg på piratkopiplater i meir enn 20 år. I følgje forfattaren David Buckley var det ein test på om du var ein «skikkeleg Bowie-fan» om du hadde ein kopi av denne plata.[5] Innspelinag vart gjeve ut delvis lovleg/offisielt og utan godkjenning frå Bowie på selskapet Golden Years i 1994, medan Griffin Music gav ut den amerikanske utgåva i 1995.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4.5/5 stars[1]
Select5/5 stars[2]

Songar endre

Dette konsertalbumet har ei ganske annleis setliste enn den som er på Ziggy Stardust - The Motion Picture (1983) (t.d. med unntak av «The Jean Genie» inneheld setlista ingen songar frå Aladdin Sane, som det var mange av mot slutten av turneen. Denne vart spelt inn ni månader seinare og var på liknande vis å finne på mange piratkopiplater før det kom ei offisiell utgjeving tidleg i 1980-åra. Santa Monica-innspelinga vert rekna som ein langt betre representasjon av Ziggy Stardust-konsertane med tanke på både lydkvalitet og kvaliteten på spelinga.[6] I 1981 kalla NME-kritikarane Roy Carr og Charles Shaar Murray det langt frå «den beste piratkopiplata hans nokon gong», men «langt betre enn dei offisielle konsertalbuma hans» , som på den tida var David Live (1974) og Stage (1978).[4]

Ei gull-plateutgåve med ein impresario som snakkar mot slutten av konserten, kom ut Nederland, medan det i USA kom ut ein avgrensa spesialboks som inkluderte ei T-skjorte, eit nøkkelknippe og ein kort video. Videoen var ikkje frå Santa Monica-konserten, men tidlegare usette klipp frå ein fargefilm utan lyd frå ein konsert i Dunstable i England den 21. juni 1972. Videoen vart kombinert med lydinnspelinga frå Santa Monica-konserten. Denne boksen var avgrensa til berre tusen eksemplar. I tillegg vart ein enno meir avgrensa boks med eit bilete av Bowie skoren på lokket av ein treboks og ei messingplate som indikerte serienummeret. Berre 250 eksemplar vart laga av denne.[6][7]

Den halv-offisielle utgjevinga var ein av ei rekkje ugjevingar i midten av 90-åra av MainMan, det tidlegare management-selskapet til Bowie i 1970-åra (andre var Rarestonebowie og Ava Cherry & The Astronettes-albumet People from Bad Homes). All desse albuma kom ut utan at Bowie godkjende det og er ikkje lenger i sal.

Ei offisiell utgåve — Live Santa Monica '72 — kom ut på EMI/Virgin in 2008.

Innhald endre

Alle songar skrivne av David Bowie utanom der andre er nemde.

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Intro» 0:15
2.«Hang on to Yourself» 2:47
3.«Ziggy Stardust» 3:24
4.«Changes» 3:32
5.«The Supermen» 2:57
6.«Life on Mars?» 3:28
7.«Five Years» 5:21
8.«Space Oddity» 5:22
9.«Andy Warhol» 3:58
10.«My Death»Eric Blau, Jacques Brel, Mort Shuman5:56
11.«The Width of a Circle» 10:39
12.«Queen Bitch» 3:01
13.«Moonage Daydream» 4:38
14.«John, I'm Only Dancing» 3:36
15.«I'm Waiting for the Man»Lou Reed6:01
16.«The Jean Genie» 4:02
17.«Suffragette City» 4:25
18.«Rock 'n' Roll Suicide» 3:17

Medverkande endre

Andre utgjevingar endre

  • I Belgia vart albumet gjeve ut med pratinga til impresarioen mot slutten under namnet Ziggy Stardust and the Spiders from Mars «Live» i 1995.
  • I Japan vart albumet gjeven ut utan introen eller avslutninga som Live 1972 i 1997.
  • Denne utgåva av The Velvet Underground-songen «Waiting for the Man» vart nytta i filmen Almost Famous, og var med på det tilhøyrande filmmusikkalbumet.

Salslister endre

I Storbritannia nådde Santa Monica '72 74. plassen på UK Albums Chart i 1994.[8]

Kjelder endre

  1. Allmusic review
  2. Morrison, Dave (July 1994). «David Bowie: Santa Monica '72». Select. s. 91. 
  3. Roberts, Randall (3. juni 2008). «Advance Warning: David Bowie's Classic 1972 Bootleg, Live Santa Monica '72, To See the Light of Day». LA Weekly. 
  4. 4,0 4,1 Roy Carr & Charles Shaar Murray (1981). Bowie: An Illustrated Record: p.116
  5. David Buckley (1999). Strange Fascination – David Bowie: The Definitive Story: s.359
  6. 6,0 6,1 Nicholas Pegg (2000). The Complete David Bowie: p.338
  7. Illustrated db Discography
  8. «David Bowie». Official Charts Company. Henta 12. september 2021.