Queen Bitch
Queen Bitch Song av David Bowie frå albumet Hunky Dory | ||
Utgjeve | 17. desember 1971 | |
Innspelt | Trident Studios, London april 1971 | |
Sjanger | Protopunk, glamrock | |
Lengd | 3:18 | |
Selskap | RCA Records | |
Komponist | David Bowie | |
Tekstforfattar | David Bowie | |
Låtskrivar(ar) | David Bowie | |
---|---|---|
Produsent | Ken Scott, David Bowie |
«Queen Bitch» er ein song skriven av David Bowie i 1971 for albumet Hunky Dory. Bowie var ein stor Velvet Underground-tilhengjar og skreiv songen som ei hyllest til bandet og Lou Reed.[1] Han spelte inn «I'm Waiting for the Man» i 1967 (aldri offisielt utgjeven), samt BBC-opptak av denne songen på Bowie at the Beeb og konsertopptak på Live Nassau Coliseum '76 (som følgde 2010-utgåva av Station to Station).
Songen starta med Bowie som tel ned til den akustiske gitaren sin før det thrash-aktige gitarriffet til Mick Ronson kjem inn. Arrangementet til songen, med ei melodisk basslinje, ein stødig trommerytme, korte, forvrengde gitarakkordar og ein underdriven vokal av Bowie, er eit mønster for glamrock-stilen som skulle kome tydelegare fram på The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars, oppfølgjaren til Hunky Dory i 1972. Sjølv om hovudriffet liknar Velvet Underground sin «Sweet Jane», er det faktisk henta frå Eddie Cochran sin «Three Steps to Heaven».[2] (ein posthum singel som gjekk til topps i Storbritannia i 1960).
Teksten handlar om songaren som ikkje klarar å sitje stille på hotellrommet sitt, men stadig går bort til vindauga og ser ned på gata der ein mann sjekker opp ei dame. Det kan vere ein transvestitt eller ein prostituert, men songaren irriterer seg ikkje over eit svik, men over sjølve sjekkinga, der han syng «Oh God, I could do better than that!» («Herregud, eg kan gjere det der betre!»).[3]
Riffet er eit ein enkel akkordprogressjon i C-G-F. Bowie startar først på 12-strengs akustisk gitar, før Mick Ronson kjem inn på sin elektriske. Tonen i gitaren er høgt og skitten. Riffet går gjennom heile songen, med berre ein liten variasjon i refrenget, og her er ingen gitarsoloar.
Songen vart framført første gongen den 3. juni 1971 for BBC, og spelte han inn ein månad seinare for Hunky Dory.
Konsertversjonar
endre- Bowie spelte songen for BBC-showet Sounds of the 70s 18. januar 1972. Dette vart sendt 7. februar 1972 og i 2000 gjeven ut på albumet Bowie at the Beeb.
- Eit konsertopptak frå Santa Monica Civic Auditorium, 20. oktober 1972 kom ut på Santa Monica '72.
- Eit anna opptak frå Nassau Coliseum, Uniondale 23. mars 1976 kom ut på RarestOneBowie og seinare på deluxe-utgåva av Station To Station.
- Lou Reed spelte songen i lag med Bowie på 50-årsdagskonserten hans i New York City i januar 1997.
- The Arcade Fire har òg spelt songen i lag med Bowie.
Andre utgjevingar
endre- B-side til den britiske utgåva av singelen «Rebel Rebel» i februar 1974.
- B-side til den amerikanske utgåva av singelen «1984» i april 1974.
- Han vart gjeven ut som ei biletplate i Fashion Picture-samlinga.
- Han vert nytta i filmen The Life Aquatic with Steve Zissou.
- Songen finst i videospela Rock Band som kan lastast ned i lag med «Moonage Daydream» og «Heroes».
- Han vert nytta i videospelet skate.
- Han vert nytta i PS3-spelet MotorStorm: Pacific Rift
- Han vert nytta i filmen The Damned United frå 2009 og Neighbors.
- Han vert nytta i filmen Run Fatboy Run frå 2007.
- Han vart nytta i ein trailer til filmen Milk frå 2006 og i ein scene i filmen.
- Han var med i filmen Young Adult i 2011.
Andre versjonar
endre- Birdbrain - Let's Be Nice (1997)
- Broken Hippie (aka Golden Smog) - Konsertopptak (1997)
- Capsize 7 - Crash Course for the Ravers - A Tribute to the Songs of David Bowie (1996)
- Eater - The Album (1977)
- Green River - Rehab Doll (1988)
- The Hotrats - Turn Ons (2010)
- Seu Jorge spelte inn ein portugisisk versjon for filmen The Life Aquatic with Steve Zissou (2004)
- Frankenstein 3000 - Hero: The Main Man Records Tribute to David Bowie (2007)
- Rancid Vat - «Bowiecide»-singelen
- Lou Reed - Konsertopptak med Bowie
- Spiral Jetty - Band Of Gold
- The Unrehearsed - Live
- The Pilgrims - Live on Vermont CATV
- The Tragically Hip - spelte songen fleire gonger på World Container Tour
- Elf Power - Live in Ann Arbor, MI
Medverknade
endre- David Bowie – vokal, akustisk gitar
- Mick Ronson – elektrisk gitar, korvokal
- Trevor Bolder – bassgitar
- Mick Woodmansey – trommer
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Queen Bitch» frå Wikipedia på engelsk, den 1. mai 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Josh Tyrangiel (November 2, 2006). «All-TIME 100 Albums - Hunky Dory». TIME. Henta 24. januar 2015.
- ↑ Amazon.com
- ↑ Chris O’Leary. «Queen Bitch». Pushing Ahead of the Dame. Henta 24. januar 2016.