Cora Sandel

(Omdirigert frå Sara Fabricius)

Sara Cecilia Görvell Fabricius (20. desember 18803. april 1974), kjend som Cora Sandel, var ein norsk forfattar og kunstmålar.

Cora Sandel

Pseudonym Cora Sandel
Statsborgarskap Noreg
Fødd 20. desember 1880
Christiania
Død

3. april 1974 (93 år)
Uppsala domkyrkoförsamling

Yrke skribent
Medlem av Det Norske Akademi for Språk og Litteratur
Ektefelle Anders Jönsson
Cora Sandel på Commons


Livssoge endre

Ho vart fødd i Kristiania (Oslo). Familien flytta til Tromsø då ho var 12 og ho voks opp der. Ho budde både i Bankgata 3 og Storgata 95, der Perspektivet museum held hus nå. Der finst ei lita, permanent Cora Sandel-utstilling. Ho budde så mange år i Frankrike, før ho flytta til Sverige i 1921, og budde der i mange år. Ho var ein norsk forfattar som levde det meste av livet sitt utanlands, i Frankrike og i Sverige.

I unge år prøvde Fabricius å etablera seg som kunstnar. I eit år gjekk ho på målarskule hjå Harriet Backer i Oslo, men då mor hennar døydde i 1903 måtte ho reise attende til Tromsø for å ta seg av småsyskena sine. 25 år gamal drog ho igjen ut for å gå på målarskule, denne gongen til Paris, og ho kom til å bu i Frankrike i 15 år. Under opphaldet i Frankrike byrja ho å skriva reiseskildringar og noveller, mange av dei vart publiserte i det radikale tidsskriftet Mot Dag. Målarvirket gav ho opp etter at første verdskrigen tok slutt, då hadde ho gifta seg og fått ein son.

Ho debuterte som forfattar då ho var 46 år, i samband med skilsmålet frå mannen, den svenske skulptøren Anders Jönsson. Alberte og Jakob (1926) vart den fyrste i ein trilogi med delvis sjølvbiografiske romanar. Saman med Alberte og friheten (1931) og Bare Alberte (1939) var dette hennar store litterære verk. Forfattarskapen hennar bestod elles mykje av noveller, i tillegg til romanane Kranes Konditori og Kjøp ikke Dondi.

På tross av stor litterær suksess skjulte Fabricius seg bak psevdonymet sitt og levde eit ganske tilbaketrekt liv.

Diktverk endre

Cora Sandel brukte fleire element frå sitt eige liv i forteljingane ho skreiv. Ho tok særleg opp korleis maktpersonar gjerne overkøyrte barn og unge, og viste særleg eldre kvinner som dei som heldt yngre kvinner nede.

Omsetjingar endre

Alle bøkene hennar vart også utgitt på svensk ganske parallelt med dei norske versjonane. I tillegg har dei vorte omsette til mellom anna dansk, finsk, engelsk, nederlandsk, russisk, italiensk og tysk.

Familie endre

Sonen hennar, Erik Jönsson, testamenterte 25 av måleria hennar til Tromsø Museum. Perspektivet Museum råder over desse.

Prisar og utmerkingar endre

Bibliografi endre

  • 1926 Alberte og Jakob, roman
  • 1929 En blå sofa, novellesamling
  • 1931 Alberte og friheten, roman
  • 1932 Carmen og Maja, novellesamling
  • 1935 Mange takk, doktor, novellesamling
  • 1939 Bare Alberte, roman
  • 1946 Dyr jeg har kjent, novellesamling
  • 1946 Kranes konditori, roman
  • 1949 Figurer på mørk bunn, noveller
  • 1958 Kjøp ikke Dondi, roman
  • 1973 Barnet som elsket veier tidlegare uutgjevne noveller og teikningar,

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

Meir å lese om Cora Sandel