Sara Oust eller Ousten (17781822) var ein norsk haugianarpredikant frå Vingelen i Tolga. Ho var leiar for haugianarrørsla i Nord-Østerdal. Oust vert omtala som kanskje den mest kjende og avhaldne av pionerpredikantane i Noreg.[1]

Sara Oust
Statsborgarskap Noreg
Fødd 1778
Død

1822 (44 år)

Yrke predikant

Liv og virke endre

Oust vaks opp som bondedotter og mista far sin, Engebret Engebretsen Vingelen, då ho var sju år gammal. Ho vart med mor si, Mari Persdatter Røe (1745–1818), på kolkøyring til Røros Kobberverk. Der møtte ho haugianarar. Ho var i byrjinga av 20-åra då ho vart interessert i haugianarrørsla, og vart sjølv aktiv i rørsla kring 1800. Vennar spurte Hans Nielsen Hauge om kva han meinte om dette. På denne tida var det ikkje lov å halde husmøte utan at presten var til stades (Konventikkelplakaten), og heilt uvanleg at kvinner snakka. Hauge støtta at ho kunne få tale.

Oust vandra blant anna saman med Randi Hevle frå Drivdalen og Kirsten Fossen frå Kvikne. Oust gifta seg 26. juli 1805 med bonden Ola Toresen Røe (Utistuhaugen). (1776–1862). Dei fekk tre barn, men den fyrstefødde døydde etter få månadar. Oust var 34 år då ho fekk sitt fyrste barn, ein høg alder som var høgst uvanleg på den tida. Oust døydde sannsynlegvis i barselseng i 1822.

I kulturen endre

I 2011 var det premiere på friluftsteateret Noen må gå foran. Spelet om Sara Oust. Framføringa skjedde på tunet i garden Ousta der Sara Oust vaks opp. Manusforfattar og regissør var Rolf Norsen, komponist Tone Hulbækmo, skodespelaren Ingunn Løvold og songarane Kjersti Tingelstad, Rønnaug Tingelstad, Lars Tingelstad og Andreas Moen framførte stykket.[2]

Kjelder endre

Litteratur endre

  • Sara Ousten fra Vindgelen (Vingelen) : presentert av H. G. Heggtveit i bokverket «Den norske Kirke i det nittende Aarhundrede. Et Bidrag til dens Historie». Første Bind. Haugianismens Tid – Første Halvdel. 1796 – 1820. Chra. 1912 – 1920 side 228 – 230

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Sara Oust