Sean Lennon
Sean Taro Ono Lennon (fødd 9. oktober 1975 i New York i USA) er ein amerikansk musikar og komponist. Han er kjend som Sean Lennon, og var det einaste barnet til John Lennon og Yoko Ono.
Sean Lennon | |||
| |||
Fødd | 9. oktober 1975 (49 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Weill Cornell Medical Center | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1987– | ||
Sjanger | rock, avant-garde-musikk, eksperimentell musikk, Psykedelisk musikk | ||
Instrument | gitar, vokal, piano, bassgitar, trommesett, synthesizer, Omnichord | ||
Plateselskap | Capitol Records, Grand Royal | ||
Verka som | songar, komponist, lyrikar, skodespelar, gitarist, pianist, manusforfattar, songar-låtskrivar | ||
Mor | Yoko Ono | ||
Far | John Lennon | ||
Sambuar med | Kemp Muhl |
Bakgrunn
endreSean Lennon var det einaste barnet til Lennon og Yoko, og blei fødd på faren sin 35-årsdag. Han er halvbror til Julian Lennon og Kyoko Chan Cox. Far og son hadde eit nært forhold, og Lennon passa på sonen til han blei drepen i desember 1980. John Lennon dediserte fleire songar til Sean, blant dei mest kjende er «Beautiful Boy» frå albumet Double Fantasy.
Sjølv om han mista faren som femåring, hadde Sean Lennon elles ein priviligert oppvekst. Elton John var gudfaren hans, medan Steve Jobs gav han ein av dei første Macintosh-maskinane som gåve i 1984. Lennon gjekk i barnehage i Tokyo og var elev ved privatskulane Ethical Culture Fieldston School og Dalton School i New York og kostskulen Institut Le Rosey i Sveits. Han studerte ved Columbia University i tre semester før han slutta for å konsentrera seg om musikkarrieren sin.
Karriere
endreLennon fekk ein tidleg start innan musikken. Som femåring fortalde han ei historie på mora sitt album Season of Glass (1981). Lennon fortsette å bidra til mora sine verk gjennom barndommen, og blei kreditert som produsent på soloalbuma hennar It's Alright (I See Rainbows), Starpeace og Onobox. Som sekstenåring skreiv Lennon songen «All I Ever Wanted» saman med Lenny Kravitz, som kom ut på albumet Mama Said (1991). I 1995 hadde Sean Lennon skipa musikkgruppa IMA med Sam Koppelman og Timo Ellis, som akkompagnerte Yoko Ono på albumet Rising. Lennon opptredde også i filmar, som i Michael Jackson sin «Moonwalker» frå 1988 og som tenåring som opplevde visjonar av Escher-verk i Sony sin promo-kortfilm Infinite Escher (1990).
Frå 1996 spelte Lennon med gruppa Cibo Matto, hovudsakleg på bassgitar og dels som songar. Han møtte Adam Yauch (frå Beastie Boys) som overtalte han til å skriva platekontrkat med Grand Royal Records. Solodebutalbumet hans Into the Sun kom ut i 1998. I 1999 gav han ut EP-en Half Horse, Half Musician. Etter ei tid med turnear og eksponering i media trekte han seg tilbake frå rampelyset og dreiv meir som studiomusikar og produsent for ulike musikarar.
I 2006 gav Lennon ut Friendly Fire. Saman med kjærasten Charlotte Kemp Muhl skip han plateselskapet Chimera Music, og byrja skriva filmmusikk i 2009 med musikk til Rosencrantz and Guildenstern Are Undead, regissert av venen Jordan Galland.
Kemp Muhl og Lennon har også skipa eit band, The Ghost of a Saber Tooth Tiger, som først opptredde på Radio City 14. februar 2008. Debutsingelen deira «Jardin Du Luxembourg» kom ut 6. juli 2010 og debutalbumet Ghost of a Saber Tooth Tiger (Acoustic Sessions) kom ut 26. oktober 2010. Lennon har også samarbeida med Kemp Muhl for ei ny gruppe, Kemp and Eden, som debuterte våren 2012.
Verkliste
endreSoloalbum
endre- Into the Sun (1998)
- Half Horse, Half Musician (EP 1999)
- Friendly Fire (2006)
Med Albert Hammond, Jr.
endre- Yours to Keep (2006)
- ¿Cómo Te Llama? (2008)
Med Cibo Matto
endre- Super Relax (1997)
- Stereo * Type A (1999)
Med The Ghost of a Saber Tooth Tiger
endre- Acoustic Sessions (2010)
- La Carotte Bleue (2011)
- Midnight Sun (2014)
Med Yoko Ono/Plastic Ono Band
endre- Rising (1995)
- Blueprint for a Sunrise (2001)
- Don't Stop Me! EP (2009)
- Between My Head and the Sky (2009)
- The Flaming Lips 2011 EP: The Flaming Lips with Yoko Ono/Plastic Ono Band (2011)
Med Mystical Weapons
endre- «Mystical Weapons» (2012)
Filmmusikk
endre- Smile for the Camera (2005)
- Friendly Fire (2006)
- The Stranger[1] (2008)
- Rosencrantz and Guildenstern Are Undead (2008)
- Tea Fight (2008)
- Alter Egos (2012)
Produsent
endre- Soulfly – Primitive (2000)
- Valentine Original Soundtrack (2001)
- Esthero – Wikked Lil' Grrrls (2005)
- Irina Lazareanu – Some Place Along the Way (2007)
- Yoko Ono/Plastic Ono Band – Between My Head and the Sky (2009)
- Kemp & Eden – Blackhole Lace (2012)
Kjelder
endre- ↑ Liang, Ursula (March 11, 2008). «Now Screening | Mariacarla Boscono in "The Stranger"». The New York Times. Henta May 23, 2010.
- Denne artikkelen bygger på «Sean Lennon» frå Wikipedia på engelsk, den 2. september 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- «Elton John Celebrates His Friend John Lennon and Gets a Visit from Yoko and Godson Sean». People. Arkivert frå originalen 21. august 2014. Henta 20 August 2014.
- Dekel, Jonathan (October 8, 2010). «Sean Lennon on Singing John's Songs, Making Music and Yoko Ono's Legacy». Spinner. Arkivert frå originalen 4. august 2020. Henta 2. september 2014.
- Isaacson, Walter (2011). Steve Jobs. New York, NY: Simon & Schuster. s. 180. ISBN 978-1-4516-4853-9.
- Parish, Matt (2007). «Taking Friendly Fire with Sean Lennon». The Music Box. Henta May 23, 2007.</ref>
- «Irina Lazareanu: Way More Than Karl Lagerfeld's Muse». Arkivert frå originalen 17. september 2008. Henta 2. september 2014., The New York Observer
- Goldstein, Greg. “Lennon to Score Undead”, Hollywood Reporter, February 21, 2008
- The Ghost Of A Saber Tooth Tiger Arkivert 2010-06-08 ved Wayback Machine.. Chimeramusic.com. Retrieved on September 3, 2011.
- Ghost Of A Saber Tooth Tiger: Odd Charm. NPR. Retrieved on September 3, 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: