Sechurarev
Sechurarev (Lycalopex sechurae) er ein art som er nært nærståande med andre søramerikanske «falskrevar» i slekta Lycalopex. Lycalopex samlar små rovpattedyr i hundefamilien. Arten har fått namnet sitt etter Sechuraørkenen i nordvestlege Peru. Han lever i nordvestlege Peru og sørvestlege Ecuador.[1]
Sechurarev | |
Sechurarev | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Nær truga Utbreiinga av sechurarev | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Pattedyr Mammalia |
Orden: | Rovpattedyr Carnivora |
Familie: | Hundefamilien Canidae |
Slekt: | Lycalopex |
Art: | Sechurarev L. sechurae |
Vitskapleg namn | |
Lycalopex sechurae |
Etymologi og taksonomi
endreSechurareven kan òg vere nemnt peruansk ørkenrev. Det vitskaplege namnet har gresk opphav: lycos betyr «ulv» og alopex betyr «rev».[2] Før han vart klassifisert som Lycalopex, var sechurareven inkludert i den elles utdøydde Dusicyon, og ein periode i Pseudalopex («falsk rev»), i dag eit synonym i Lycalopex.[3]
Han er éin av ti nolevande medlemmar av hundefamilien som er endemiske til Sør-Amerika. Det finst ingen anerkjende underartar.
Skildring
endreSechurareven er liten for å vere ein art i hundefamilien og veg mellom 2,6 og 4,2 kg. Kroppslengden (hovudet og kroppen) varierer frå 50 til 78 cm, medan halen er mellom 27 og 34 cm lang. Pelsen er grå på det meste av kroppen og blir kvit eller kremfarga på undersida. Han har raudbrune markeringar på baksida av øyra, rundt auga og på beina. Snuten er mørk grå, og eit grått band går over brystet. Halen har ein svart tupp. Arten har små tenner tilpassa eit kosthald av insekt og tørre plantar, og dessutan hjørnetenner som hos revar.[4]
Sechurareven har 74 kromosom.[5]
Utbreiing og habitat
endreDenne reven lever i ein smal region vest for Andesfjella, langs kysten av nordlege Peru og sørlege Ecuador. Meir spesifikt finst han i tørre område som savanneliknande ørkenar, klippeskrentar, langs Andesfjellas vestside og på strender.[6]
Først identifisert i Sechuraørkenen, finst reven i tørre miljø i sørvestlege Ecuador og vestlege Peru, frå havnivå og opp til minst 1000 meters høgd, kanskje endå høgare. I dette området er han observert i vestlege foten av Andesfjella, langs kysten og i habitat som ørkenar, tørre skogar og strender.[6]
Åtferd og kosthald
endreSechurareven er nattaktiv og om dagen held han til i hòler som han grev i bakken. Han er vanlegvis solitær, men av og til sest han i par. Ungane fødast i oktober og november, og lite anna er kjent om den reproduktive åtferda.
Reven er ein opportunistisk altetar, og kosthaldet varierer avhengig av sesong og habitat. Han et frøkapslar, spesielt frå buskar som Neltuma juliflora og kapersbuskar, og dessutan frukt frå Cordia og Vasconcellea candicans-plantar. Han kan overleve på eit reint plantebasert kosthald når det er nødvendig. Vanlegvis inkluderer kosthaldet likevel også insekt, gnagarar, fugleegg og åtsel.[7] Reven kan overleve i lange periodar utan å drikke, då han får tilstrekkeleg vatn frå maten. Sechurareven kan spreie plantar på same nivå som andre spesialiserte frøspreiarar, som flaggermus i bladnasefamilien og kvithalehjort.[8]
Trugsmål og vern
endreDen totale populasjonen er førebels ikkje spesifisert av Verdas naturvernunion (IUCN), men ein studie frå 2022 anslår han til rundt 5000 individ.[9] Dei største trugsmåla mot arten er menneskeskapte, hovudsakleg habitatøydelegging på grunn av avskoging og, i mindre grad, jakt.[6]
Sechurareven er vanleg i Ecuador. Han har vore kjend for å angripe husdyr som høns og blir jakta på både for å redusere slike tap av husdyr og for å bruke kroppsdelar i lokale handverk, folkemedisin eller magiske ritual.[6]
Kjelder
endre- Denne artikkelen er byggjer på «Sechuran fox» frå Wikipedia på engelsk, den 19. desember 2024
- ↑ Wozencraft, W. C. (2005). Order Carnivora. In Wilson, D. E.; Reeder, D. M. (eds.). Mammal Species of the World: A Taxonomic and Geographic Reference (3rd ed.). Johns Hopkins University Press. ISBN 978-0-8018-8221-0. OCLC 62265494.
- ↑ Cossíos, E. Daniel (25. januar 2010). «Lycalopex sechurae (Carnivora: Canidae)». Mammalian Species (på engelsk) 42: 1–6. ISSN 0076-3519. doi:10.1644/848.1.
- ↑ «Lycalopex Burmeister, 1854». gbif.org (på engelsk). Henta 4. november 2022.
- ↑ Asa, C.; Cossios, E.D. Canids: Foxes, Wolves, Jackals and Dogs. Status Survey and Conservation Action Plan (PDF). International Union for Conservation of Nature and Natural Resources/Species Survival Commission Canid Specialist Group. s. 69–72. Arkivert frå originalen (PDF) 1 July 2013.
- ↑ Wayne, Robert K.; Geffen, Eli; Girman, Derek J.; Koepfli, Klaus P.; Lau, Lisa M.; Marshall, Charles R. (1. desember 1997). Cannatella, David, red. «Molecular Systematics of the Canidae». Systematic Biology (på engelsk) 46 (4): 622–653. ISSN 1076-836X. PMID 11975336. doi:10.1093/sysbio/46.4.622.
- ↑ 6,0 6,1 6,2 6,3 Cossios, E.D. (2010). «Lycalopex sechurae (Carnivora: Canidae)». Mammalian Species 42 (1): 1–6. doi:10.1644/848.1.
- ↑ Asa, C.; Wallace, M.P. (1990). «Diet and activity pattern of the Sechuran desert fox (Dusicyon sechurae)». Journal of Mammalogy 71 (1): 69–72. JSTOR 1381318. doi:10.2307/1381318.
- ↑ Escribano-Avila, Gema (24 March 2021). «Non-specialized frugivores as key seed dispersers in dry disturbed environments: An example with a generalist neotropical mesocarnivore». Journal of Arid Environments 167: 18–25. doi:10.1016/j.jaridenv.2019.04.015. Henta 24. mars 2021.
- ↑ Chavez, Daniel E.; Gronau, Ilan; Hains, Taylor; Dikow, Rebecca B.; Frandsen, Paul B.; Figueiró, Henrique V.; Garcez, Fabrício S.; Tchaicka, Ligia; de Paula, Rogério C.; Rodrigues, Flávio H. G.; Jorge, Rodrigo S. P.; Lima, Edson S.; Songsasen, Nucharin; Johnson, Warren E.; Eizirik, Eduardo (23. august 2022). «Comparative genomics uncovers the evolutionary history, demography, and molecular adaptations of South American canids». Proceedings of the National Academy of Sciences (på engelsk) 119 (34): e2205986119. Bibcode:2022PNAS..11905986C. ISSN 0027-8424. PMC 9407222. PMID 35969758. doi:10.1073/pnas.2205986119.
Bakgrunnsstoff
endre- (en) Sechurarev i Encyclopedia of Life
- (en) Sechurarev i Global Biodiversity Information Facility
- (en) Sechurarev hos ITIS
- (en) Sechurarev hos NCBI
- (en) Kategori:Pseudalopex sechurae – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Pseudalopex sechurae – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Lycalopex sechurae – detaljert informasjon på Wikispecies