Semnan-provinsen
Semnan-provinsen (persisk استان سمنان, Ostān-e Semnān) er ein av 31 provinsar i Iran. Han ligg nord i landet med Semnan som provinshovudstad. Provinsen dekkjer eit areal på 96 816 kvadratkilometer og strekkjer seg langs Alborzfjella og grensar til ørkenen Dasht-e Kavir i sør.
Semnan-provinsen | |||
استان سمنان | |||
Provins | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Region | Region 1 [1] | ||
Fylke | 8 | ||
Hovudstad | Semnan | ||
Areal | 97 491 km² | ||
Folketal | 631 218 (2011) | ||
Folketettleik | 6 / km² | ||
Tidssone | IRST (UTC+03:30) | ||
- Sommartid | IRST (UTC+04:30) | ||
Språk | semnansk, persisk | ||
![]() Semnan-provinsen | |||
Wikimedia Commons: Semnan Province | |||
Provinsen vart plassert i Region 1 i 2014.[1]
Provinsen er vidare delt inn i fylka Semnan, Aradan, Damghan, Shahrud, Mehdishahr, Meyami, Sorkheh, Garmsar og Shahmirzad. Provinsen har kring 630 000 innbyggjarar (2011).
Provinsen grensar i nord til Golestan og Mazandaran, i vest til Teheran og Qom, i sør til Isfahan og i aust til Khorasan-e Razavi.
Kjelder endre
- Denne artikkelen bygger på «Semnan Province» frå Wikipedia på engelsk, den 7. mars 2021.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: