Isfahan-provinsen

Isfahan-provinsen (farsi استان اصفهان, Ostāne Esfahan), òg skrive Esfahan, Espahan, Isfahan eller Isphahan, er ein av 31 provinsar i Iran. Han ligg sentralt i landet i Region 2.[2] Provinshovudstaden er Isfahan.

Isfahan-provinsen
استان اصفهان
Provins
33 pol aerial.jpg
Land Flag of Iran.svg Iran
Region Region 2
Fylke 24
Hovudstad Esfahan
Areal 107 029 km²
Folketal 5 120 850 (2016) [1]
Folketettleik 48 / km²
Tidssone IRST (UTC+03:30)
 - Sommartid IRST (UTC+04:30)

Isfahan-provinsen
32°39′28″ N 51°40′9″ E
Wikimedia Commons: Isfahan Province
Nettstad: www.esfahanportal.ir

GeografiEndra

Isfahan-provinsen dekkjer eit område på kring 107 027 kvadratkilometer og ligg sentralt i Iran. I nord ligg Markazi, Qom og Semnan. I sør grensar provinsen til Fars og Kohkiluyeh og Buyer Ahmad. Aminabad er den sørlegaste byen i Isfahan, berre 2 km nord for grensa. I aust grensar han til provinsen Yazd. I vest grensar provinsen til Luristan og i sørvest til provinsen Chahar Mahal og Bakhtiyari.

Provinsen har følgjande fylke: Aran o Bidgol, Ardestan, Esfahan, Lanjan, Shahinshahr og Meymeh, Khomeini Shahr, Khansar, (Øvre) Semirom, Fereydan, Fereydunshahr, Falavarjan, Kashan, Golpayegan, Mobarakeh, Nain, Najaf Abad, Nedre Semirom (Dehaghan), Shahreza, Anarak og Natanz. I følgje ei folketeljing i 2006 hadde byen kring 4,5 millionar innbyggjarar, der 83,3 % budde i byar og 16,7 % på landsbygda. I 2011 hadde folketalet auka til nesten 4,9 millionar.[3]

Provinsen har eit moderat og tørt klima med temperaturar som varierer mellom kring 40 og 10 °C. Årsmiddeltemperaturen er 16,7 °C og årsmiddelnedbøren er 116,9 mm.

Med ei høgd på 4 040 meter over havet er Shahankuh den høgaste toppen i Isfahan-provinsen. Fjellet ligg kring 20 km sørvest for byen Fereydunshahr vest i Isfahan-provinsen.

KjelderEndra

  1. «National census 2016». amar.org.ir. Henta 6. mars 2021. []
  2. «همشهری آنلاین-استان‌های کشور به ۵ منطقه تقسیم شدند (Provinces were divided into 5 regions)». Hamshahri Online (på persisk). 22. juni 2014 (1 Tir 1393, Jalaali). Arkivert frå originalen den 23. juni 2014. 
  3. Selected Findings of National Population and Housing Census 2011 Arkivert 2013-05-31 ved Wayback Machine.