Setermoen er ein tettstad og administrasjonssenteret i Bardu kommune i Troms. Staden ligg i Bardudalen og har 2 505 innbyggjarar per 1. januar 2023.

Setermoen
stad
Land  Noreg
Fylke Troms
Kommune Bardu
Areal 2,87 km²
Folketal 2 505  (2023)
Folketettleik 873 / km²
Postnummer 9360 BARDU
Preposisjon Setermoen
Kart
Setermoen
68°51′39″N 18°20′54″E / 68.860833333333°N 18.348333333333°E / 68.860833333333; 18.348333333333
Wikimedia Commons: Setermoen
Frå Setermoen

Språk og kultur er på fleire måtar prega av innvandringa frå Gudbrandsdalen og Østerdalen på 1700-talet. Bardu kyrkje vart ført opp i 1829, og er ein tru kopi av Tynset kyrkje. Her er det også skianlegg for alpint og hopp.

På Setermoen har det vore soldatutdanning sidan 1898. Setermoen garnison er i dag utdanningsgarnison under 6. divisjon med desse avdelingane: panserbataljon, artilleribataljon, sanitetsbataljon og etterretningsbataljon. Like sør for Setermoen ligg Troms Forsvarsmuseum.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Setermoen