Severin Brørby
Severin Petter Brørby (19. november 1932–5. mars 2001) var ein norsk glaskunstnar og formgjevar fødd på Hønefoss.
Severin Brørby | |
![]() | |
Fødd | 19. november 1932 Hønefoss |
Død |
5. mars 2001 (68 år) |
Yrke | glasskunstner |
Severin Brørby på Commons |
UtdanningEndra
Utdanna ved Statens håndverks- og kunstindustriskole. Fagutdanna gravør.
ArbeidEndra
Han vart tilsett ved Hadeland Glassverk i 1956. Der formgav han kunstglas i K-glass programmet til Hadeland. Nummera hans i K-glass-serien er 7000-serien, det vil seie kunstglasverk gravyrmerka Hadeland 7XXX under botnen. Dei merka også ting SB. I tillegg til kunstglas formgav han mellom anna bruksglasserien Furu som dei framleis lagar på Hadeland, og ein serie glaskrukker med blått lokk som heitte Barbara og ein serie skåler, fat og vasar som heitte Marina. I 1984 slutta han ved Hadeland og fekk seg eiga glashytte på Åmot i Modum. Der laga han glas som var friare i både form og fargeval enn på Hadeland, med mjukare former og større preg av å vere handlaga. Desse er merka "Severin" og det vart også brukt etikettar der det stod Severin.
Prisar og utmerkingarEndra
Representert ved desse samlinganeEndra
Mellom anna:
KjelderEndra
- Red. Erik Zahle - Brukskunst i hjemmet, Nordiske Fagbøker
- Rolf Simeon Andersen og Astrid Olsen - Moderne Antikviteter II: norsk glass, kunstnere og signaturer 1900-1970. ISBN 82-520-3560-4
- NBL-artikkel om Brørby, skriven av Randi Gaustad.