Shahba (arabisk شهبا, Shahbā), kjend i seinantikken som Philippopolis, er ein by 87 km sør for Damaskus i Jabal el Druze i As-Suwayda guvernement i Syria, tidlegare ein del av den romerske provinsen Arabia Petraea.

Shahba
شهبا
by
Philippeion, eit minnesmerke
Land  Syria
Guvernement As-Suwayda guvernement
Distrikt Shahba-distriktet
Koordinatar 32°51′15″N 36°37′45″E / 32.85417°N 36.62917°E / 32.85417; 36.62917
Folketal 14 784
Kart
Shahba
32°51′14″N 36°37′46″E / 32.85388889°N 36.62944444°E / 32.85388889; 36.62944444
Wikimedia Commons: Shahba

Historie endre

Romersk historie endre

Oaseen som no utgjer busetnaden Shahba, var opphavleg ei grend som var fødestaden til Filip arabaren. Etter Filip vart keisar i Roma i 244 evt., ønskte han å bygge opp det vesle samfunnet som ein colonia. Det eksisterande samfunnet vart erstatta av nye bygg, og ein forfattar skreiv at byen kunne reknast å ha blitt bygd på udyrka jord. Han vart dermed ein av dei siste romerske byane som vart grunnlagd i austen.[1]

Byen vart heitande Philippopolis til ære for keisaren. Keisaren skal ha ønskt å gjere fødestaden sin om til ein by som var ein kopi av Roma sjølv. Eit sekskanta tempel og eit friluftstempel, kalla ein kalybe, ein triumfboge, bad, eit nakent teater med basaltblokker,[2] ein stor struktur som er blitt tolka som ein basilika, og Philippeion (illustrasjon til høgre) omgjeve av ein stor mur med seremonielle portar,[3] var lagt ut og bygd etter eit rutemønster som var typisk for romerske byar.

Dei offentlege strukturane danna det forfattaren Arthur Segal har kalla ein slags «importert fasade». Resten av den urbane arkitekturen var beskjeden og folkeleg.[4] Byen vart aldri bygd ferdig—bygginga stoppa brått etter Filip døydde i 249.

Den nye byen følgde eit ekstremt fast, romersk rutemønster, med hovudsøylegangen cardus maximus som kryssa søylegangen decumanus maximus i rette vinklar nær midten, og mindre gater markert av insulae. Mange av dei vart aldri bygde der husa opphavleg var planlagt.

Osmanske historie og tida etter endre

I 1596 dukka Shahba opp i osmanske skattelister som Sahba og var ein del av Bani Miglad nahiya i Hauran qada . Han hadde ein heilt muslimsk folkesetnad som bestod av 8 hushaldningar og 3 ungkarar, som betalte skatt på kveite, bygg, sommaravlingar, geiter og/eller bikubar.[5]

Fordi han var langt frå folkerike stader som kunne ha hatt trong for bygningsstein og som kunne ha henta dette frå den folketomme Philippopolis, har Shahba i dag godt bevarte ruinar av den antikke romerske byen.

Eit museum i byen syner nokre vakre døme på romersk mosaikk.[6] Den særleg rike ikonografien av figurativ mosaikk med temaet Jordas herlegdom, vart oppdaga i 1952 i det såkalla «Maison Aoua», og finst i dag i eit museum i Damaskus og har vore ei rik kjelde for ikonografar.[7]

Den relativt godt bevarte romerske brua i Nimreh ligg i nærleiken.

Kjelder endre

  • Denne artikkelen bygger på «Shahba» frå Wikipedia på engelsk, den 4. juli 2014.
  • Wolf-Dieter Hütteroth and Kamal Abdulfattah (1977). Historical Geography of Palestine, Transjordan and Sør Syria in the Late 16th Century. Erlanger Geographische Arbeiten, Sonderband 5. Erlangen, Tyskland: Vorstand der Fränkischen Geographischen Gesellschaft. 
  1. Arthur Segal, «Roman cities in the Province of Arabia» The Journal of the Society of Architectural Historians 40.2 (Mai 1981:108-121) s. 111.
  2. Dette, det siste av dei syriske teatera, vart utforska i ein detaljert monograf av Pierre Coupel og Edmond Frézouls, Le Théâtre de Philippopolis en Arabie (Paris, 1956); og ein omfattande gjennomgang av John Eames i The Journal of Roman Studies 50.1/2 (1960:273-274) inneheld utdrag.
  3. nabateiske bokstavar ved sørporten dokumenterte framhaldet av den kulturelle påverknaden til nabatearane i området, lenge etter at romarane hadde teke over makta i området (Segal 1981:118).
  4. Segal 1981:108.
  5. Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 218.
  6. Philipapolis [sic], Syra
  7. Litteraturen er oppsummert i Marie-Henriette Quet, «Le Triptolème de la mosaïque dite d'Aiôn et l'affirmation identitaire héllène à Shahba-Philippopolis» Syria 77 (2000), s. 181-200