She's a Woman
Singel av The Beatles
frå albumet Beatles '65
A-side

«I Feel Fine»

Språk engelsk
Utgjeve 23. november 1964
Innspelt
Sjanger
Lengd 3:03
Selskap Parlophone
Komponist John Lennon, Paul McCartney
Tekstforfattar John Lennon, Paul McCartney
Låtskrivar(ar) Lennon–McCartney
Produsent George Martin
Britisk The Beatles-singel-kronologi 
«A Hard Day's Night»
(1964)
She's a Woman «Ticket to Ride»
(1965)
Amerikansk The Beatles-singel-kronologi
«Matchbox»
(1964)
She's a Woman «Eight Days a Week»
(1965)


«She's a Woman» er ein song av The Beatles, hovudsakleg skriven av Paul McCartney og tilskriven Lennon–McCartney. John Lennon skreiv tekst og mellomspelet. Songen var ferdig i studio den same morningen han vart spelt inn og vart gjeven ut som B-side til «I Feel Fine» i 1964, den siste singelen deira det året. Songen nådde fjerdeplassen på Billboard Hot 100 fordi han vart mykje spelt på radio.

Komposisjon og innspeling endre

«She's a Woman» har blitt skildra som ein rock and roll- og rhythm and blues-song.[1][2] Songen vart hovudsakleg skriven av Paul McCartney og var eit forsøk på å etterlikne vokalstilen til Little Richard. Dett er årssaka til at songen ligg i eit høgt register.

Skribenten Ian MacDonald skreiv i boka si Revolution in the Head at den endlege miksen av «She's a Woman» var uvanleg då han kom ut, sidan basstromma til Starr berre så vidt kan høyrast.[3]

Utgjeving endre

I USA kom songen ut på Capitol-albumet Beatles '65. I Storbritannia kom songen først ut på eit album på Rarities i 1978. Bandet spelte songen på konsertane sine i 1965.

På den amerikanske singellista vart songen den 11 songen deira som nådde topp 10 i løpet av 1964. Dette er rekord for talet på Topp 10-hittar innan same året på Billboard Hot 100 av ein enkel artist eller gruppe. Det var òg den 12. hitten på Topp 10 skriven av Lennon–McCartney, som òg var ny rekord.

Medverkande endre

Personell per John C. Winn[4] og Walter Everett[5]

Andre versjonar endre

Andre artistar som har spelt inn songen er Jeff Beck med ein instrumental jazzfusion-versjon på albumet Blow by Blow i 1975. Dette vart òg produsert av George Martin. Ein latinjazzversjon spelt inn av Joe DeRenzo frå albumet Core Beliefs og ein versjon av ESC på Step Inside LOVE. Ein pop-reggae-versjon vart gjeven ut av Scritti Politti med Shabba Ranks. José Feliciano spelte inn ein versjon av songen og Chet Atkins gav ut ein instrumental versjon. Andre artistar som har spelt inn songen The Churchills og Jess & James.

Kjelder endre

  1. Michael R. Frontani (18. september 2009). The Beatles: Image and the Media. Univ. Press of Mississippi. s. 113. ISBN 978-1-60473-156-9. Henta 24. oktober 2015. 
  2. Tim Riley (2002). Tell Me Why: The Beatles: Album by Album, Song by Song, the Sixties and After. Da Capo Press. s. 118. ISBN 978-0-306-81120-3. Henta 24. oktober 2015. 
  3. Ian MacDonald «Revolution in the Head»
  4. Winn 2009, s. 279-284.
  5. Everett 2001, s. 266.