Opna hovudmenyen
Matchbox
Singel av Carl Perkins
frå albumet Dance Album of Carl Perkins
A-side Your True Love
Utgjeve 1957
Innspelt 4. desember 1956, Memphis Recording Service i Memphis i Tennessee[1]
Sjanger Rockabilly
Lengd 2:10
Selskap Sun (no. 261)
Låtskrivar(ar) Carl Perkins
Produsent Sam Phillips

«Matchbox» er ein rockabillysong spelt inn av Carl Perkins i desember 1956. Han deler noko tekst med bluessongar frå 1920-åra av Ma Rainey og Blind Lemon Jefferson. Sam Phillips og Sun Records gav ut songen som B-side til «Your True Love». Sjølv om berre A-sida vart ein hit i 1957, er «Matchbox» ein av dei mest kjende songane til Perkins. Mange andre artistar har spelt songen, inkludert The Beatles.

Innhaldsliste

BakgrunnEndra

Ma Rainey spelte inn «Lost Wandering Blues» i Chicago i mars 1924. Paramount Records gav ut songen på singel.[2] Teksten hennar inneheld fyrstikkeske (matchbox) som ein koffert-referanse:

«

I'm leaving this morning, with my clothes in my hand
I won't stop to wandering, till I find my man
I'm sitting here wondering', will a matchbox hold my clothes
I've got a sun to beat, I'll be farther down the road

»

Tre år seinare kalla Blind Lemon Jefferson ein av songane sine «Match Box Blues» den 14. mars 1927 for Okeh Records i Atlanta i Georgia.[3][4] Blues-skribenten Paul Oliver skreiv at både Rainey og Jefferson «kan ha absorbert linja frå tradisjonelle songar.» [5][6]

Jefferson skreiv om songen to gonger til i april 1927 for Paramount Records. Sjølv om det er somme skilnader, så inneheld dei linjene

«

I'm sittin' here wonderin', will a matchbox hold my clothes (2×)
I ain't got no matches but I still got a long way to go.

»

Sidan vart songen spelt inn av fleire blues- og countryswing-musikarar, som Lead Belly, Big Bill Broonzy, The Shelton Brothers og Roy Newman and His Boys.

Perkins-innspelingaEndra

Etter å ha spelt inn «Your True Love» i Sun Records studio, føreslo faren til Carl Perkins, Buck, at han kunne skrive ein song basert på delar av tekst han hugsa. Buck kjende berre eit par linjer frå songen frå innspelignane til Jefferson eller Shelton Brothers. Då Perkins song teksten faren hadde føreslått, byrja Jerry Lee Lewis, som på den tida var studiopianist i Sun Studios, å spele eit boogie-woogie-riff. Carl byrja å spele ein melodi på gitar og improviserte teksten.[7] Sun-innspelinga den 4. desember 1956 vart produsert av Sam Phillips i Sun Studios i Memphis.

Perkins hevda at han aldri hadde høyrt Jefferson-songen då han spelte inn «Matchbox». Songane er musikalsk, tematisk og tekstmessig heilt forskjellige. Jefferson sin song handla om smålege kvinner, medan Perkins sin handlar om ein elskovssjuk «fattiggut».[7]

«Matchbox»-innspelinga er historisk viktig som ein milepåle i rock and roll-historia, fordi seinare den dagen dukka Elvis Presley, Johnny Cash og Lewis alle opp i Sun Studio med Sam Phillips og Carl Perkins. I lag spelte dei inn songar til det som er blitt kjend som Million Dollar Quartet.

Carl Perkins framførte songen på ABC-TV-programmet Ozark Jubilee den 2. februar 1957. Perkins og bandet hans framførte òg songen på showet Ranch Party som var leia av Tex Ritter i 1957.

MedverkandeEndra

  • Carl Perkins – vokal, sologitar
  • Jerry Lee Lewis – piano
  • Fluke Holland – trommer
  • Clayton Perkins – bass
  • Jay Perkins – akustisk gitar

The Beatles-utgåvaEndra

Matchbox
Song av The Beatles
Utgjeve 1. juni 1964
Innspelt 19. juni 1964
Sjanger Rock and roll, rockabilly
Lengd 1:57
Selskap *Parlophone (UK)
Låtskrivar(ar) Carl Perkins
Produsent George Martin

The Beatles var fans av Perkins og byrja å spele songen kring 1961. Den dåverande trommeslagaren deira, Pete Best, song solovokal. Den einaste kjende innspelinga av songen med Best på vokal er frå konsertopptak. I 1962 song John Lennon songen under ei framføring på Star-Club i Hamburg i Tyskland, og ei innspeling av dette finst og kom ut på Live! at the Star-Club in Hamburg, Germany; 1962.

Året etter framførte The Beatles «Matchbox» med Ringo Starr på solovokal for eit radioshow på BBC, og denne versjonen kom ut på Live at the BBC. Starr song òg solovokal på songen då dei spelte han inn i studio i 1964. Det er blitt indikert at Perkins var i studio på den tida. Med på innspelinga var produsenten George Martin på piano. «Matchbox» kom ut på EP-en Long Tall Sally i Storbritannia. I USA kom han ut på albumet Something New, og på singel 24. august 1964. Singelen nådde 17. plassen på Billboard Hot 100.[8] «Matchbox» nådde òg sjetteplassen på den kanadiske CHUM Hit Parade-lista i 1964.

MedverkandeEndra

SalslisterEndra

Liste (1965) Plassering
US Billboard Hot 100[9] 17
US Cash Box Top 100[10] 17

Silver WilburysEndra

Carl Perkins sin «Matchbox», i lag med «Blue Suede Shoes», «Honey Don't» og «Gone, Gone, Gone» vart framført på ein konsert 19. februar 1987 på Palomino Club i North Hollywood i California, av George Harrison, Bob Dylan, John Fogerty, Taj Mahal og Jesse Ed Davis. Denne konserten vart filma og innspelt. Musikarane som spelte vart kalla «The Silver Wilburys».[11]

Andre versjonarEndra

«Matchbox» er blitt spelt av mange andre artistar. Robert Britton Lyons spelte Carl Perkins i Broadway-musikalen Million Dollar Quartet og på den originale innspelinga av musikalen.[12]

Songen er med på eit konsertalbum av Paul McCartney, Tripping the Live Fantastic som lydsjekkmelodi mellom konsertsongane. Han vart framført av McCartney på kvar turné som lydsjekksong. McCartney gav òg ut eit opptak av songen som bonussppor på DVD-en Back in the U.S. i 2002. McCartney spelte òg songen på hans Unplugged-konsert for MTV i 1991 (men songen er ikkje med på albumet).

I 1985 vart songen framført på Blue Suede Shoes: A Rockabilly Session, ein TV-konsert i London, med Perkins, Starr og Eric Clapton på vokal.[13]

Jerry Lee Lewis gav ut ein versjon av songen i 1958 på debutalbumet sitt. Han spelte òg songen på konsertalbumet Live at the Star Club, Hamburg i 1964.

Ronnie Hawkins spelte songen i 1970 i lag med Duane Allman på slidegitar og gav han ut på singel.[14] Songen kom òg med på albumet Ronnie Hawkins same året. Johnny Rivers spelte inn songen i 1998.

Bob Dylan har fleire gonger spelt songen, men aldri offisielt gjeve han ut.[15][16]

Derek and the Dominos med Eric Clapton framførte songen med Carl Perkins og Johnny Cash på The Johnny Cash Show den 5. november 1970. Dette opptaket kom ut på 40-årsjubileumsutgåva av Layla and Other Assorted Love Songs.[17]

KjelderEndra

  1. The Carl Perkins Sun Collection.
  2. Paramount Portrait Labels.
  3. Springer, Robert. ed. Nobody Knows Where the Blues Come From: Lyrics and History. University Press of Mississippi, 2006, p. 173.
  4. Tosches, Nick. Country: The Twisted Roots of Rock 'n' Roll. New York: Da Capo Press, 1985, pp. 203-204. «The essence of the song's lyrics did not originate with Blind Lemon Jefferson but with Ma Rainey's 1924 record 'Lost Wandering Blues.' Lord, I stand here wondering, Will a matchbox hold my clothes
  5. Haymes, Max. «Some Blues Roots of Rock 'n Roll Music».
  6. Oliver, Paul (1968). Screening the Blues : Aspects of the Blues Tradition. Cassell, London. ISBN 0-304-93137-3
  7. 7,0 7,1 Perkins, Carl; McGee, David (1996). Go, Cat, Go!. Hyperion Press. s. 221–223. ISBN 0-7868-6073-1. 
  8. The Beatles Bible: Matchbox.
  9. "Beatles?f=379&g=Singles The Beatles Album & Song Chart History" Billboard Hot 100 for The Beatles. Prometheus Global Media. Henta 28. juli 2017.
  10. Hoffmann, Frank (1983). The Cash Box Singles Charts, 1950-1981. Metuchen, NJ & London: The Scarecrow Press, Inc. s. 32–34. 
  11. «Matchbox» by The Beatles: The In-Depth Story Behind the Songs of The Beatles.
  12. MDQ Merchandising LLC (2010). “Song List” and “Performing Credits”. In Million Dollar Quartet (p. 5) [CD booklet]. New York City: Avatar Studios; and Chicago: Chicago Recording Company.
  13. «Carl Perkins and Friends - Matchbox». YouTube. June 19, 2008. Henta 28. juli 2017. 
  14. Ronnie Hawkins 1970 album at duaneallman.info.
  15. 1969-1970 Bob Dylan CBS Studio Outtakes.
  16. Bob Dylan Newsletter: Matchbox.
  17. Layla and Other Assorted Love Songs, 2011 40th Anniversary Edition.