Siegfried Wentz (fødd 7. mars 1960) er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar som representerte Vest-Tyskland. Han tevla i tikamp og vann bronsemedaljen i VM 1983, Sommar-OL 1984 og EM 1986, i 1987 tok han VM-sølv i Roma.

Siegfried Wentz
Statsborgarskap Tyskland
Fødd 7. mars 1960 (64 år)
Röthenbach bei Sankt Wolfgang
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1984

Aktiv

endre

Wentz fullførte den 5. juni 1983 i Filderstadt-Bernhausen sitt livs beste tikamp. Her plukka han i alt 8 762 poeng, einast to mann hadde betre poengsum å vise til. Under den fyrste verdsmeisterskapen i friidrett i Helsinki i august månad vart han nummer tre i tikampen, bak dei to verdstoppane Daley Thompson og Jürgen Hingsen. Også i Sommar-OL 1984 i Los Angeles enda Wentz på bronseplass, Thompson og Hingsen på ny nummer 1 og 2.

Under europameisterskapen 1986 i Stuttgart presterte Wentz si beste tikampserie i ein internasjonal meisterskap. Med 8 676 poeng hamna han enno ein gong på tredjeplassen, atter bak Thompson og Hingsen. I VM 1987 i Roma vann Wentz sølvmedaljen, overgått av vinnaren Torsten Voss med meir enn 200 poeng.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap

endre

Kjelder

endre