Sikkerhetsloven
Sikkerhetsloven, Sikkerheitslova eller Tryggingslova har det formelle namnet «Lov av 20. mars 1998 nr. 10 om forebyggende sikkerhetstjeneste». Lova har i fylgje §1 som formål å legge tilhøva til rette for å effektivt kunne motverke trugsmål mot sjølvstendet og sikkerheita til riket og andre vitale nasjonale sikkerheitsinteresser. Lova og forskriftene som høyrer til gjev reglar for korleis den forebyggande sikkerheitstenesta skal utførast. Særleg er lova meint å verna mot kompromittering av skjermingsverdig informasjon og skjermingsverdige objekt.
Det generelle verkeområdet
endreSikkerheitslova gjeld for alle forvaltingsorgan for stat eller kommune, for dei som leverar varer eller tenester til eit slikt organ i samband med sikkerheitsgraderte anskaffingar og for andre rettssubjekt etter vedtak [1] Arkivert 2011-11-03 ved Wayback Machine..
Straff
endre§31 opnar for ei straff på opp til fengsel i eitt år for brot på einskilde paragrafar i lova dersom ikkje strengare lover kan nyttast.