Sileshi Sihine (fødd 29. januar 1983) er ein etiopisk langdistanseløpar som i tida 2003-08 vann fem sølvmedaljar og ein bronsemedalje i ulike verdsmeisterskap og olympiske sommarleikar.

Sileshi Sihine


Statsborgarskap Etiopia
Fødd 29. januar 1983 (41 år)
Oromiaregionen
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2004

Aktiv endre

Sihine sprang inn til bronsemedalje på 10 000 meter under verdsmeisterskapen 2003 i Paris, slått med over ti sekundar av landsmennene Kenenisa Bekele og Haile Gebrselassie. Dei neste milløpa i alle dei store meisterskapane fram til 2009 måtte Sihine sjå seg slått av den fabelaktig gode landsmannen Kenenisa Bekele, men av ingen andre. Såleis sprang Sihine inn til sølvmedalje på 10 000 meter både under OL 2004, VM 2005, VM 2007 og OL 2008. Under verdsmeisterskapen 2005 i Helsinki vann han dessutan også sølvmedaljen på 5 000 meter, etter eit løp i moderat tempo vart han andremann i innspurten bakom Benjamin Limo frå Kenya.

Sihine sine personlege rekordar på 5 000 m og 10 000 meter er begge frå OL-sesongen 2004. Den 31. mai vann han milløpet ved eit internasjonalt stemne i Hengelo på 26.39,6, knappe to sekundar føre Gebrselassie. Den 2. juli i Roma kom Sihine på andreplass på 5 000 m i eit GL-stemne med sluttida 12.47,0. Verdsmeister Eliud Kipchoge frå Kenya vann løpet på personbeste 12.46,5, der Marius Bakken sette norsk rekord med 13.06,3.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

  • VM 2003 i Paris: Bronsemedalje på 10 000 m – 27.01,4
  • OL 2004 i Aten: Sølvmedalje på 10 000 m – 27.09,3, bakom Kenenisa Bekele (27.05,1)
  • VM 2005 i Helsinki: Sølvmedalje på 5 000 m – 13.32,8, og på 10 000 m – 27.08,8
  • VM 2007 i Osaka: Sølvmedalje på 10 000 m – 27.09,0, bakom Kenenisa Bekele (27.05,9)
  • OL 2008 i Beijing: Sølvmedalje på 10 000 m – 27.02,7, bakom Kenenisa Bekele (27.01,1)

Kjelder endre