Silhouettes av The Rays

Silhouettes
Singel av The Rays
B-side

«Daddy Cool»

Språk engelsk
Utgjeve 1957
Innspelt 1957
Sjanger Doo-wop
Lengd 2:45
Selskap XYZ; Cameo
Komponist Bob Crewe, Frank Slay
Tekstforfattar Bob Crewe, Frank Slay
Låtskrivar(ar) Bob Crewe, Frank Slay
Produsent Bob Crewe, Frank Slay

«Silhouettes» er ein song gjort kjend av doo-wop-gruppa The Rays i 1957. Ein konkurrerande versjon av The Diamonds vart òg ein suksess. I 1965 nådde Herman's Hermits femteplassen med songen på den britiske hitlista og i 1990 var han på tiandeplassen for Cliff Richard.

The Rays-versjonen endre

I mai 1957 såg låtskrivaren Bob Crewe eit par gjennom ei rullegardin medan han sat på eit tog. Han gjorde om biletet til ein song. Frank Slay, som eigde det vesle plateselskapet XYZ med Crewe, skreiv tekst, og kort tid etter hadde dei ein heil song.[1]

Songen fekk eit gjennombrot då den populære, lokale radioverten Hy Lit sovna etter å ha plassert ei rekkje plater i platespelaren. Den siste i rekkja var «Silhouettes», og songen vart repetert til han vakna. Han byrja å spele songen på showet sitt.[1] Songen vart populært nok til at Cameo-Parkway ønskte å distribere songen nasjonalt, og han klatra til slutt til tredjeplassen på båe R&B Best Sellers-lista og Billboard Top 100,[2] og nådde femteplassen på både sals- og radiolista. Det var den einaste topp 40-hitten til bandet.

The Diamonds-versjonen endre

Den kanadiske popgruppa The Diamonds, som hadde suksess med versjonar av andre doo-wop-songar, spelte raskt inn sin versjon av songen. Dei brukte til og med den same B-sida på singelen som The Rays hadde gjort, «Daddy Cool».[3] Versjonen deira vart mykje spelt på radio, og nådde topp 10 på Billboard-lista, men ikkje salslista, og nådde berre 60. plassen på Top 100.[4]

The Four Seasons-versjonen endre

I 1963 spelte The Four Seasons inn songen på albumet kalla Ain't That A Shame And Twelve Others.[5]

Herman's Hermits-versjonen endre

Herman's Hermits spelte inn songen i 1965 etter å ha høyrt songen på amerikansk Armed Forces Radio.[1] Han nådde toppen av den kanadiske RPM-lista. Det var den tredje hitten under «den britiske invasjonen» av USA og nådde femteplassen på Billboard Hot 100 og tredjeplassen i Storbritannia. Informasjon frå Peter Noone og andre indikerer at gitaristen Vic Flick spelte på songen, og ikkje Jimmy Page som ein tidlegare trudde.[6]

Cliff Richard-versjonen endre

Silhouettes
Singel av Cliff Richard
frå albumet From a Distance: The Event
B-side

The Winner

Språk engelsk
Utgjeve 13. august 1990
Innspelt 16–17. juni 1989
Sjanger pop
Selskap EMI
Komponist Bob Crewe, Frank Slay
Tekstforfattar Bob Crewe, Frank Slay
Låtskrivar(ar) Bob Crewe, Frank Slay
Produsent Cliff Richard
Cliff Richard-kronologi 
«Stronger Than That»
(1990)
Silhouettes «From a Distance»
(1990)


Cliff Richard gav ut eit konsertopptak av songen på singel i 1990. Denne nådde tiandeplassen på UK Singles Chart.[7] Det var den første singelen hans frå albumet From a Distance: The Event. Singelen og albumet vart spelte inn i høve to konsertar Richard heldt i høve 30-årsjubileet hans som plateartist.[8][9][10]

Salslister endre

Liste (1990) Plassering
Tyskland (Media Control AG)[11] 51
Ireland (IRMA)[12] 13
UK Singles (Official Charts Company)[13] 10

Andre versjonar endre

Andre artistar som har spelt inn «Silhouettes» er

Sha Na Na framførte songen på Woodstockfestivalen i 1969.

The Ronettes gav ut ein versjon av songen i 1965 på albumet The Ronettes featuring Veronica.

Doo-wop-gruppa The Silhouettes (kjend for hitten «Get A Job») vart kalla opp etter songen.[15]

I følgje John Lennon var The Beatles-songen «No Reply» (1964) inspirert av «Silhouettes».[16]

Songen finst i Broadway-musikalen Jersey Boys.[17]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 Shannon, Bob; John Javna (1986). Behind The Hits:Inside Stories of Classic Pop and Rock and Roll. New York: Warner Books. s. 17. ISBN 0-446-38171-3. 
  2. Whitburn, Joel (2004). Top R&B/Hip-Hop Singles: 1942-2004. Record Research. s. 484. 
  3. Worth, Fred L. (1985). Rock Facts. New York: Facts On File Publications. s. 106. ISBN 0-8160-1099-4. 
  4. Joel Whitburn, Top Pop Singles 1955-1999 (Menomonee Falls, WI: Record Research, 2000), 176.
  5. Frankie Valli and Co. STATESIDE (UK) (Veejay) SL 10042 From June 1963 (Mono)
  6. Kotal, Kent. «FORGOTTEN HITS INTERVIEWS PETER NOONE». Forgotten Hits. 
  7. «Cliff Richard UK singles chart positions». Official Charts Company. Henta 20. mars 2018. 
  8. «From a Distance: The Event' (album)». Cliff Richard. UK: EMI. 1990. 
  9. Harris, Jaqueline; Wright, Karen (August–September 1989). «Dynamite International Magazine». Dynamite International (Utrecht, Nederland: The International Cliff Richard Movement) (125): 1, 3. 
  10. «From a Distance: The Event (album)». Allmusic. Henta 20. mars 2018. 
  11. "Die ganze Musik im Internet: Charts, News, Neuerscheinungen, Tickets, Genres, Genresuche, Genrelexikon, Künstler-Suche, Musik-Suche, Track-Suche, Ticket-Suche – musicline.de" (på tysk). Media Control Charts. PhonoNet GmbH. Henta 20. mars 2018.
  12. «Irish Singles Chart». Irishcharts.ie. Henta 20. mars 2018. 
  13. "Chart Stats – Cliff Richard – Silhouettes" UK Singles Chart. Chart Stats. Henta 20. mars 2018.
  14. Johnson, Christopher. Dennis Brown: The 'Crown Prince' Of Reggae, National Public Radio. 26. april 2010. Henta on 2010-04-26.
  15. Asanovic, Bosko. «The Silhouettes». Soulful Kinda Music. Henta 20. mars 2018. 
  16. Lennon, John; David Schiff (2000). All We Are Saying: The Last Major Interview with John Lennon and Yoko Ono. New York: St. Martin's Griffin. s. 174. ISBN 978-0-312-25464-3. Henta 20. mars 2018. 
  17. Ritchey, David (26. juni 2008). «‘Jersey Boys’ a hit at State Theatre». West Side Leader. Henta 20. mars 2018.