Opna hovudmenyen

The Bootleg Series Vol. 11: The Basement Tapes Complete

The Bootleg Series Vol. 11:
The Basement Tapes Complete

Samlealbum av Bob Dylan og The Band
Utgjeve 4. november 2014
Innspelt Juni til oktober 1967
Studio «Big Pink,» West Saugerties i New York
Sjanger Folk, roots rock
Lengd 6:33:49
Selskap Columbia
Bob Dylan-kronologi
The 50th Anniversary Collection 1963
(2014)
The Bootleg Series Vol. 11:
The Basement Tapes Complete
The 50th Anniversary Collection 1964
(2014)
The Band-kronologi
Live at the Academy of Music 1971
(2013)
The Bootleg Series Vol. 11:
The Basement Tapes Complete
Bob Dylan Bootleg Series-kronologi
The Bootleg Series Vol. 10: Another Self Portrait (1969–1971)
(2013)
The Bootleg Series Vol. 11:
The Basement Tapes Complete
The Bootleg Series Vol. 12: The Cutting Edge 1965–1966
(2015)

The Bootleg Series Vol. 11: The Basement Tapes Complete er eit samlealbum av kjellarinnspelingane til Bob Dylan og gruppa som kom til å bli kjend som The Band frå 1967, utgjeve Legacy Records 3. november 2014. Det er den niande utgjevinga av Bob Dylan Bootleg Series og den komplette utgåva kom ut på seks CD-plater, medan eit utval av samlinga kom på to CD-plater under tittelen The Basement Tapes Raw.

Innspelingane vart i fleire tiår rekna som «den heilage gralen» for musikksamlarar og Dylan-fansen,[1][2] og har blitt mykje piratkopiert i forskjellige format gjennom åra. Den første piratkopiplata var utan tvil den første av sitt slag i rocken, kalla Great White Wonder, gjeve ut i juli 1969.[3] The Basement Tapes Complete er første gongen alle innspelingane er offisielt gjevne ut, med 138 spor der 117 av dei ikkje er gjevne ut før. Av desse er 23 spor alternative opptak, slik at det er 115 forskjellige songar i samlinga, der det finst to eller tre forskjellige opptak av somme av dei. The Basement Tapes Complete vart kritikarrost og godt motteke av fansen, og vann Grammyprisen for beste historiske album.[4]

Notata i omslaget til The Bootleg Series Vol. 11 er skrivne av Sid Griffin, ein amerikansk musikar og forfattar av Million Dollar Bash: Bob Dylan, The Band, and The Basement Tapes.[5]

InnspelingshistorieEndra

 
«Big Pink», staden der The Basement Tapes vart spelt inn.

Kjellarinnspelingane vart gjort i 1967, då Dylan hadde trekt seg attende til Woodstock etter ei motorsykkelulukke han vart utsett for 29. juli 1966.[6][7] Innspelinga byrjar i eit arbeidsrom kalla «The Red Room» i heimen til Dylan, før dei flytta til eit improvisert studio i kjellaren på huset Big Pink, der Rick Danko, Richard Manuel og Garth Hudson budde. Innspelinga varte omtrent frå mai til oktober 1967.[8] I oktober 1967 vart eit demolydband på fjorten songar registrert for opphavsretten og komposisjonane vart registrerte i Dwarf Music, eit songforlag som Dylan og manageren hans Albert Grossman eigde i lag.[9] Acetat-plater og lydband av songane sirkulerte så blant artistar som var interesserte i å spele inn songane.[10][a 1] Dylan har omtalt det kommersielle presset bak desse kjellarinnspelingane i 1969 i eit intervju med Rolling Stone: «Dei var ikkje demoar for meg sjølv, dei var demoar av songane. Eg vart pressa attende til å kome opp med somme songar. Du veit korleis det der.»[11]

Peter, Paul and Mary fekk den første hitten med ein av kjellarsongane då dei spelte inn «Too Much of Nothing» som nådde 35. plassen på Billboard-lista seint i 1967.[12] Ian & Sylvia, som òg hadde Grossman som manager, spelte inn «Tears of Rage», «Quinn the Eskimo» og «This Wheel's on Fire».[13] I januar 1968 gjekk Manfred Mann til topps i Storbritannia med innspelinga si av «The Mighty Quinn».[14] I april vart «This Wheel's on Fire» spelt inn av Julie Driscoll, Brian Auger and the Trinity og nådde femteplassen på den britiske lista.[15] Same månaden vart ein versjon av «You Ain't Goin' Nowhere» av The Byrds gjeven ut på singel. I lag med «Nothing Was Delivered»,[16] kom han òg ut på countryrock-albumet Sweetheart of the Rodeo, gjeven ut i august.[17] The Hawks, som no tok namnet The Band, spelte inn «This Wheel's on Fire», «I Shall Be Released» og «Tears of Rage» for debutalbumet Music from Big Pink, gjeve ut i juli 1968. Fairport Convention spelte «Million Dollar Bash» i 1969 på albumet deira Unhalfbricking.[18]

I juli 1969 dukka den første piratkopiplata opp i California, kalla Great White Wonder. Det doble albumet inneheldt sju songar frå Woodstock-innspelinga, i tillegg til somme tidlege Dylan-innspelingar han hadde gjort i Minneapolis i desember 1961 og eitt spor frå The Johnny Cash Show. Prosessen med å piratkopiere musikken til Dylan kom til å føre til hundrevis av ulovlege utgjevingar av konsert- og studioopptak, og Recording Industry Association of America skildra Dylan som den mest piratkopierte artisten i musikkhistorien.[19]

Kjellarinnspelingane danna grunnlaget for ei offisiell utgjeving i 1975, The Basement Tapes. Dette albumet vart kritisert av Dylan-kritkaren Michael Gray fordi det òg inneheldt innspelingar av Band sine eigne songar, og fordi viktige Dylan-songar ikkje var med i utvalet.[20] I tillegg til den offisielle utgjevinga, er meir enn hundre innspelingar frå kjellarinnspelingane gjevne ut på piratkopiplater, katalogisert av Greil Marcus i boka Invisible Republic: Bob Dylan's Basement Tapes (1997),[21] og av Sid Griffin i Million Dollar Bash: Bob Dylan, the Band, and the Basement Tapes (2007).[22]

The Bootleg Series Vol. 11: The Basement Tapes Complete presenterer dei originale innspelingane, og set dei i omtrentleg kronologisk rekkjefølgje.[5] Garth Hudson, organisten i The Hawks, hadde teke vare på dei originale lydbanda. Han tok dei med seg til Jan Haust og Peter J. Moore som restaurerte og digitaliserte dei for denne utgjevinga. Dette arbeidet gav dei ein nominasjon for Grammyprisen for beste historiske album.[23]

MottakingEndra

Meldingar
Samla karakter
KjeldeKarakter
Metacritic99/100 [24]
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic      [25]
American Songwriter      [26]
Austin Chronicle      [27]
Blurt      [28]
Consequence of SoundA [29]
The Guardian      [30]
Mojo      [31]
Paste10.0/10 [32]
Rolling Stone      [33]
Under the Radar           [34]

The Bootleg Series Vol. 11: The Basement Tapes Complete fekk utelukkande positive meldingar frå kritikarane. På samlenettsida Metacritic har The Basement Tapes Complete ein score på 99 av 100, basert på 18 meldingar.[35]

For AllMusic av Stephen Thomas Erlewine samlinga fem av fem stjerner og skreiv «Det som er det vedunderlege med The Basement Tapes er at musikken vart laga utan forventning om at nokon andre utafor ein liten sirkel nokon gong skulle høyre det.»[36] Magasinet Paste gav albumet ti av ti og kalla det «noko av den mest dristige, kreative og verkeleg vakre musikken som nokon gong er spelt inn».[37]

I meldinga si for American Songwriter gav Jim Beviglia albumet fem av fem stjerner og skreiv: «Musikkfans som har fått tilgang til det komplette arkivet av The Basement Tapes kan samanliknast med historikarar som har fått tak i lydband av Continental Congress eller kunsttilhengjarar som har fått eit videoopptak av Da Vinci som måler Den siste nattverda[38]

InnhaldEndra

The Basement Tapes CompleteEndra

Alle songar er skrivne av Bob Dylan, utanom der andre er nemnde. Tradisjonelle songar er arrangerte av Dylan.

Plate 1
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «Edge of the Ocean»    2:21
2. «My Bucket's Got a Hole in It»  Clarence Williams 1:35
3. «Roll on Train»    2:00
4. «Mr. Blue»  DeWayne Blackwell 1:52
5. «Belshazzar»  Johnny Cash 3:22
6. «I Forgot to Remember to Forget»  Charlie Feathers, Stanley Kesler 3:19
7. «You Win Again»  Hank Williams 2:43
8. «Still in Town»  Hank Cochran, Harlan Howard 3:04
9. «Waltzing with Sin»  Sonny Burns, Red Hayes 2:49
10. «Big River» (Opptak 1)Cash 0:43
11. «Big River» (Opptak 2)Cash 2:23
12. «Folsom Prison Blues»  Cash 2:46
13. «Bells of Rhymney»  Idris Davies, Peter Seeger 3:16
14. «Spanish is the Loving Tongue»  Charles Badger Clark 3:53
15. «Under Control»    2:50
16. «Ol' Roison the Beau»  Tradisjonell 4:55
17. «I'm Guilty of Loving You»    1:09
18. «Cool Water»  Bob Nolan 3:04
19. «The Auld Triangle»  Brendan Francis Behan 5:47
20. «Po' Lazarus»  Tradisjonell 1:00
21. «I'm a Fool for You» (Opptak 1)  1:06
22. «I'm a Fool for You» (Opptak 2)  2:34
Plate 2
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «Johnny Todd»  Tradisjonell 2:05
2. «Tupelo»  John Lee Hooker 2:22
3. «Kickin' My Dog Around»  Tradisjonell 2:43
4. «See You Later Allen Ginsberg» (Opptak 1)  0:30
5. «See You Later Allen Ginsberg» (Opptak 2)  0:51
6. «Tiny Montgomery» (Opphavleg gjeven ut med overdubbingar i 1975 på The Basement Tapes)  2:57
7. «Big Dog»    0:24
8. «I'm Your Teenage Prayer»    3:52
9. «Four Strong Winds»  Ian Tyson 3:42
10. «The French Girl» (Opptak 1)Tyson, Sylvia Tyson 2:12
11. «The French Girl» (Opptak 2)Tyson, Tyson 3:00
12. «Joshua Gone Barbados»  Eric Von Schmidt 2:46
13. «I'm in the Mood»  Bernard Besman, Hooker 1:58
14. «Baby Ain't That Fine»  Dallas Frazier 2:11
15. «Rock, Salt and Nails»  Bruce Phillips 4:37
16. «A Fool Such As I» (Ei nyinnspeling i 1969 kom ut i 1973 på Dylan)William Marvin Trader 2:57
17. «Song for Canada»  Pete Gzowski, Tyson 4:31
18. «People Get Ready»  Curtis Mayfield 3:15
19. «I Don't Hurt Anymore»  Donald Robertson, Walter Rollins 2:15
20. «Be Careful of Stones That You Throw»  Benjamin Lee Blankenship 3:04
21. «One Man's Loss»    3:52
22. «Lock Your Door»    0:23
23. «Baby, Won't You Be My Baby»    2:53
24. «Try Me Little Girl»    1:38
25. «I Can't Make it Alone»    3:34
26. «Don't You Try Me Now»    3:12
Plate 3
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «Young But Daily Growing»  Tradisjonell 5:40
2. «Bonnie Ship the Diamond»  Tradisjonell 3:21
3. «The Hills of Mexico»  Tradisjonell 3:05
4. «Down on Me»  Tradisjonell 0:43
5. «One for the Road»    4:50
6. «I'm Alright»    1:46
7. «Million Dollar Bash» (Opptak 1)  2:52
8. «Million Dollar Bash» (Opptak 2 – Opphavleg gjeven ut 1975 på The Basement Tapes)  2:35
9. «Yea! Heavy and a Bottle of Bread» (Opptak 1)  1:50
10. «Yea! Heavy and a Bottle of Bread» (Opptak 2 – Opphavleg gjeven ut 1975 på The Basement Tapes)  2:16
11. «I'm Not There» (Opphavleg gjeven ut i 2007 på I'm Not There)  5:13
12. «Please Mrs. Henry» (Opphavleg gjeven ut 1975 på The Basement Tapes)  2:34
13. «Crash on the Levee (Down in the Flood)» (Opptak 1)  2:11
14. «Crash on the Levee» (Opptak 2 – Opphavleg gjeven ut 1975 på The Basement Tapes)  2:06
15. «Lo and Behold!» (Opptak 1)  2:54
16. «Lo and Behold!» (Opptak 2 – Opphavleg gjeven ut 1975 på The Basement Tapes)  2:50
17. «You Ain't Goin' Nowhere» (Opptak 1)  2:48
18. «You Ain't Goin' Nowhere» (Opptak 2 – Opphavleg gjeven ut med overdubbingar i 1975 på The Basement Tapes)  2:46
19. «I Shall Be Released» (Opptak 1)  4:04
20. «I Shall Be Released» (Opptak 2 – Opphavleg gjeven ut i 1991 på The Bootleg Series Vol. 1–3)  3:58
21. «This Wheel's on Fire» (Opphavleg gjeven ut med overdubbingar i 1975 på The Basement Tapes)Dylan, Rick Danko 3:54
22. «Too Much of Nothing» (Opptak 1 – Opphavleg gjeven ut 1975 på The Basement Tapes)  3:03
23. «Too Much of Nothing» (Opptak 2)  2:51
Plate 4
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «Tears of Rage» (Opptak 1)Dylan, Richard Manuel 4:04
2. «Tears of Rage» (Opptak 2)Dylan, Manuel 2:31
3. «Tears of Rage» (Opptak 3 – Opphavleg gjeven ut med overdubbingar i 1975 på The Basement Tapes)Dylan, Manuel 4:15
4. «Quinn the Eskimo» (Opptak 1)  2:03
5. «Quinn the Eskimo» (Opptak 2 – Opphavleg gjeven ut i 1985 på Biograph)  2:16
6. «Open the Door Homer» (Opptak 1 – Opphavleg gjeven ut 1975 på The Basement Tapes)  2:53
7. «Open the Door Homer» (Opptak 2)  0:58
8. «Open the Door Homer» (Opptak 3)  3:14
9. «Nothing Was Delivered» (Opptak 1 – Opphavleg gjeven ut 1975 på The Basement Tapes)  4:26
10. «Nothing Was Delivered» (Opptak 2)  3:44
11. «Nothing Was Delivered» (Opptak 3)  0:33
12. «All American Boy»  Bobby Bare 3:59
13. «Sign on the Cross»    7:21
14. «Odds and Ends» (Opptak 1)  1:48
15. «Odds and Ends» (Opptak 2 – Opphavleg gjeven ut 1975 på The Basement Tapes)  1:49
16. «Get Your Rocks Off»    3:46
17. «Clothes Line Saga (Answer to Ode)» (Opphavleg gjeven ut 1975 på The Basement Tapes)  2:59
18. «Apple Suckling Tree» (Opptak 1)  2:41
19. «Apple Suckling Tree» (Opptak 2 – Opphavleg gjeven ut 1975 på The Basement Tapes)  2:50
20. «Don't Ya Tell Henry»    2:31
21. «Bourbon Street»    5:05
Plate 5
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «Blowin' in the Wind»    6:36
2. «One Too Many Mornings»    3:23
3. «A Satisfied Mind»  Hayes, Jack Rhodes 2:01
4. «It Ain't Me, Babe»    3:32
5. «Ain't No More Cane» (Opptak 1)Tradisjonell 2:41
6. «Ain't No More Cane» (Opptak 2)Tradisjonell 1:58
7. «My Woman She's A-Leavin'»    2:30
8. «Santa-Fe» (Opphavleg gjeven ut i 1991 på The Bootleg Series Vol. 1–3)  2:08
9. «Mary Lou, I Love You Too»    2:30
10. «Dress it Up, Better Have it All»    2:53
11. «Minstrel Boy» (Opphavleg gjeven ut i 2013 på The Bootleg Series Vol. 10)  1:40
12. «Silent Weekend»    3:01
13. «What's it Gonna Be When it Comes Up»    3:04
14. «900 Miles from My Home»  Tradisjonell 2:14
15. «Wildwood Flower»  A.P. Carter 2:11
16. «One Kind Favor»  Tradisjonell 3:33
17. «She'll Be Coming 'Round the Mountain»  Tradisjonell 1:39
18. «It's the Flight of the Bumblebee»    2:09
19. «Wild Wolf»    3:35
20. «Goin' to Acapulco» (Opphavleg gjeven ut med overdubbingar i 1975 på The Basement Tapes)  5:37
21. «Gonna Get You Now»    1:31
22. «If I Were a Carpenter»  James Timothy Hardin 2:23
23. «Confidential»  Dorina Morgan 1:37
24. «All You Have to Do Is Dream» (Opptak 1)  3:56
25. «All You Have to Do Is Dream» (Opptak 2)  3:20
Plate 6
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «2 Dollars and 99 Cents»    2:35
2. «Jelly Bean»    2:58
3. «Any Time»    3:17
4. «Down by the Station»    1:29
5. «Hallelujah, I've Just Been Moved»  Tradisjonell 3:04
6. «That's the Breaks»    4:18
7. «Pretty Mary»    3:12
8. «Will the Circle Be Unbroken?»  Carter 2:09
9. «King of France»    3:53
10. «She's On My Mind Again»    4:18
11. «Goin' Down the Road Feeling Bad»  Tradisjonell 3:21
12. «On a Rainy Afternoon»    2:53
13. «I Can't Come in with a Broken Heart»    2:42
14. «Next Time on the Highway»    2:20
15. «Northern Claim»    2:05
16. «Love Is Only Mine»    1:50
17. «Silhouettes»  Bob Crewe, Frank Slay jr. 1:52
18. «Bring it on Home»    3:07
19. «Come All Ye Fair and Tender Ladies»  Tradisjonell 2:09
20. «The Spanish Song» (Opptak 1)  2:47
21. «The Spanish Song» (Opptak 2)  2:16
22. «900 Miles from My Home/Confidential» (Løynd spor)Tradisjonell/Dorina Morgan 2:27

The Basement Tapes RawEndra

I tillegg til «Complete»-utgåva kom det ut ei dobbeltplate med høgdepunkta frå samlinga.

Plate 1
# Tittel Lengd
1. «Open the Door, Homer» (restaurert utgåve) 2:52
2. «Odds and Ends» (alternativ versjon) 1:48
3. «Million Dollar Bash» (alternativ versjon) 2:52
4. «One Too Many Mornings» (Ikkje utgjeven før) 3:23
5. «I Don't Hurt Anymore» (Ikkje utgjeven før) 2:15
6. «Ain't No More Cane» (alternativ versjon) 1:57
7. «Crash on the Levee» (restaurert utgåve) 2:05
8. «Tears of Rage» (Utan overdubbingar) 4:14
9. «Dress It Up, Better Have It All» (Ikkje utgjeven før) 2:52
10. «I'm Not There» (Tidlegare utgjeven) 5:12
11. «Johnny Todd» (Ikkje utgjeven før) 2:04
12. «Too Much of Nothing» (alternativ versjon) 2:52
13. «Quinn the Eskimo» (restaurert utgåve) 2:16
14. «Get Your Rocks Off» (Ikkje utgjeven før) 3:46
15. «Santa-Fe» (Tidlegare utgjeven) 2:08
16. «Silent Weekend» (Ikkje utgjeven før) 3:00
17. «Clothes Line Saga» (restaurert utgåve) 2:59
18. «Please, Mrs. Henry» (restaurert utgåve) 2:34
19. «I Shall Be Released» (restaurert utgåve) 3:55
Plate 2
# Tittel Lengd
1. «You Ain't Goin' Nowhere» (alternativ versjon) 2:48
2. «Lo and Behold!» (alternativ versjon) 2:53
3. «Minstrel Boy» (Tidlegare utgjeven) 1:39
4. «Tiny Montgomery» (Utan overdubbingar) 2:56
5. «All You Have to Do is Dream» (Ikkje utgjeven før) 3:23
6. «Goin' to Acapulco» (Utan overdubbingar) 5:36
7. «900 Miles from My Home» (Ikkje utgjeven før) 2:13
8. «One for the Road» (Ikkje utgjeven før) 4:49
9. «I'm Alright» (Ikkje utgjeven før) 1:45
10. «Blowin' in the Wind» (Ikkje utgjeven før) 6:35
11. «Apple Suckling Tree» (restaurert utgåve) 2:50
12. «Nothing Was Delivered» (restaurert utgåve) 4:26
13. «Folsom Prison Blues» (Ikkje utgjeven før) 2:46
14. «This Wheel's on Fire» (Utan overdubbingar) 3:54
15. «Yea! Heavy and a Bottle of Bread» (restaurert utgåve) 2:16
16. «Don't Ya Tell Henry» (alternativ versjon) 2:30
17. «Baby, Won't You Be My Baby» (Ikkje utgjeven før) 2:52
18. «Sign on the Cross» (Ikkje utgjeven før) 7:21
19. «You Ain't Goin' Nowhere» (Utan overdubbingar) 2:43

MedverkandeEndra

FotnotarEndra

  1. Songane på demoen var: «Million Dollar Bash», «Yea! Heavy and a Bottle of Bread», «Please Mrs. Henry», «Down in the Flood», «Lo and Behold», «Tiny Montgomery», «This Wheel's on Fire», «You Ain't Goin' Nowhere», «I Shall Be Released», «Tears of Rage», «Too Much of Nothing», «The Mighty Quinn», «Open the Door, Homer» og «Nothing Was Delivered» (Griffin 2007, s. 229–230).

KjelderEndra

  1. «Bob Dylan and the Holy Grail: Basement Tapes Officially Released After 47 Years». Highbrowmagazine.com. Henta 22. desember 2018. 
  2. «40 Years Ago: Bob Dylan and the Band's 'Basement Tapes' Finally Gets an Official Release». Ultimateclassicrock.com. 26. juni 2015. Henta 22. desember 2018. 
  3. Eric Harvey (12. september 2012). «Bob Dylan's Great White Wonder: The Story of the World's First Album Leak». Pitchfork.com. Henta 22. desember 2018. 
  4. «Bob Dylan Wins a 2016 Grammy Award | The Official Bob Dylan Site». Bobdylan.com. 1. februar 2016. Henta 22. desember 2018. 
  5. 5,0 5,1 Greene, Andy (26. august 2014). «Bob Dylan's Complete, Legendary 'Basement Tapes' Will Be Released». Rollingstone.com. Henta 22. desember 2018. 
  6. Scherman 2006
  7. Griffin 2007, s. 46, 52–53
  8. Rollins, Ben (1. november 2014). «The Basement Tapes Track-by-Track». bobdylan.com. Arkivert frå originalen 5. desember 2014. Henta 22. desember 2018. 
  9. Sounes 2001, s. 209–210
  10. Griffin 2007, s. 229–230
  11. Griffin 2007, s. 228.
  12. Whitburn 2004, s. 488
  13. Griffin 2007, s. 230
  14. Roberts 1999, s. 278
  15. Roberts 1999, s. 176
  16. Gilliland 1969, show 54, track 3.
  17. Griffin 2007, s. 270
  18. Griffin 2007, s. 280
  19. Sounes 2001, s. 478
  20. Gray 2000, s. 9
  21. Marcus 1997, s. 235–265
  22. Griffin, Sid (2007). Million Dollar Bash: Bob Dylan, the Band, and the Basement Tapes. Jawbone. ISBN 1-906002-05-3. 
  23. David Friend (17. februar 2016). «Bob Dylan’s restored ‘Basement Tapes’ give Toronto duo Grammy attention | Toronto Star». Thestar.com. Henta 22. desember 2018. 
  24. «The Bootleg Series Vol. 11: The Basement Tapes Complete Reviews». Metacritic.com. Henta 22. desember 2018. 
  25. Stephen Thomas Erlewine (3. november 2014). «The Bootleg Series, Vol. 11: The Basement Tapes – Complete – Bob Dylan,The Band | Songs, Reviews, Credits». AllMusic. Henta 22. desember 2018. 
  26. Beviglia, Jim (31. oktober 2014). «Bob Dylan & The Band: The Basement Tapes Complete « American Songwriter». Americanlåtskrivar.com. Henta 22. desember 2018. 
  27. Scott Schinder (12. desember 2014). «Review: Bob Dylan & The Band – Music». The Austin Chronicle. Henta 22. desember 2018. 
  28. Mills, Fred (4. november 2014). «BOB DYLAN AND THE BAND – The Basement Tapes Complete – Blurt Magazine». Blurtonline.com. Henta 22. desember 2018. 
  29. Kaye, Ben (6. november 2014). «Bob Dylan and the Band – The Basement Tapes Raw: The Bootleg Series Vol. 11 | Album Reviews». Consequence of Sound. Henta 22. desember 2018. 
  30. Alexis Petridis. «Bob Dylan and the Band: The Basement Tapes Complete review – rickety, strange and utterly timeless | Music». The Guardian. Henta 22. desember 2018. 
  31. Simmons, Michael (3. november 2014). «Bob Dylan’s Complete Basement Tapes: Read MOJO's Review». Mojo4music.com. Henta 22. desember 2018. 
  32. «Bob Dylan and The Band: The Basement Tapes Complete Review :: Music :: Reviews :: Paste». Pastemagazine.com. Henta 22. desember 2018. 
  33. Fricke, David (5. november 2014). «Bob Dylan The Basement Tapes Complete: The Bootleg Series Vol. 11 Album Review». Rolling Stone. Henta 22. desember 2018. 
  34. Wojtas, Michael. «Bob Dylan: The Basement Tapes Complete: The Bootleg Series Vol. 11 (Columbia/Legacy) Review | Under the Radar – Music Magazine». Undertheradarmag.com. Henta 22. desember 2018. 
  35. «The Basement Tapes Complete: The Bootleg Series Vol. 11». metacritic.com. Henta 22. desember 2018. 
  36. Erlewine, Stephen (3. november 2014). «The Basement Tapes Complete: The Bootleg Series Vol. 11». allmusic.com. Henta 22. desember 2018. 
  37. Douglas Heselgrave, Bob Dylan and The Band: The Basement Tapes Complete Review 11. november 2014
  38. Jim Beviglia, Bob Dylan & The Band: The Basement Tapes Complete October 31st, 2014