Mantaray
Studioalbum av Siouxsie
Språk engelsk
Utgjeve 10. september 2007
Innspelt 2006—2007
Riverside Studio and Stone Room, Bath, Somerset, UK
Sjanger
Lengd 41:00
Selskap W14 Music/Universal
Decca Records (USA)
Produsent Steve Evans, Charlie Jones
Siouxsie-kronologi 
Hái!
The Creatures
(2003)
Mantaray


Singlar frå Mantaray
  1. «Into a Swan»
    Utgjeve: 3. september 2007
  2. «Here Comes That Day»
    Utgjeve: 29. oktober 2007
  3. «About to Happen»
    Utgjeve: 10. mars 2008

Mantaray er det første soloalbumet til den engelske songaren Siouxsie, utgjeve i september 2007 på Universal Records, fire år etter det siste albumet til bandet hennar The Creatures, Hái!. Etter den første soloturneen i 2004 ønskte Siouxsie å spele med andre musikarar. Ho møtte Steve Evans og Charlie Jones, som begge arrangerte songane og produserte plata.

Albumet fekk god kritikk då det kom ut med fokus på røysta til Siouxsie og dei forskjellige stilartane.

Historie endre

Etter suksessen med den første soloutgjevinga hennar, konsert-DVD-en Dreamshow, som nådde toppen av den britiske videolista i august 2005,[1] fekk Siouxsie demoar frå fleire komponistar. Universal tilbaud ho ein ny plateavtale på selskapet W14, som var i ferd med å bli skapt av John Williams. Dei to hadde alt samarbeidd på Peepshow og Boomerang.

Innspeling og musikk endre

Mantaray vart produsert i lag med Steve Evans (som tidlegare hadde arbeidd med Robert Plant) og Charlie Jones (som òg hadde samarbeidd med Plant i tillegg til Goldfrapp).[2] Trommeslagaren var Clive Deamer, som tidlegare hadde spelt med både Plant,[3] og Portishead. Evans og Jones skreiv musikk i lag for songane «About to Happen», «If It Doesn't Kill You», «Sea of Tranquility», «They Follow You» og «Heaven and Alchemy».

Det var første gongen Siouxsie arbeidde med produsentar som òg spelte på plata. Innspelingane vart gjort i Frankrike og Bath i England frå slutten av 2006 til mai 2007. Dei konsentrerte seg om to-tre songar om gangen, som viste seg å vere ein nyttig metode.[4] Den einaste instruksjonen til Siouxsie til dei to låtskrivarane sine var å «handsame kvar song som ein potensiell singel»..[5]

Musikken på Mantaray er variert, inkludert pop, glam og kabaret. «If it Doesn't Kill You» var ein av dei eldste tekstane ho skreiv, og originalmusikken var ein annan før ho møtte Jones. Han likte tittelen og teksten til Siouxsie, som sa «han gjorde det om til ein av dei klassiske songane som kunne ha vore frå James Bond. Han er ganske filmatisk.»[6] «Sea of Tranquility» var ein eldre tekst og var basert på ein idé Siouxie hadde om å skrive eit sci-fi-mordmysterium. Jones og Evans «tok han ein stad med heile den bossa nova-greia» og albumtittelen kom frå ei linje i songen.[6] Ein manta ray er engelsk for djevelrokke og er skildra som «eit spøkjelse av eit brøl frå havbotnen» i songen.[7]

Utgjeving og mottaking endre

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic     [8]
bbc.co.uk(positiv)[9]
The Guardian     [10]
Metro     [11]
Q     [12]
Pitchfork(7.3/10)[13]
Slant Magazine     [14]
Spin     [17]
The Times     [15]
Uncut     [16]

Albumet kom ut i Storbritannia 10. september 2007 på W14 Music under Universal Music Group. Ei amerikansk utgåve kom ut 2. oktober 2007 på Decca Records. I tillegg til ei CD-utgåva kom albumet ut på vinyl i begge land. Før albumet kom ut, kom singelen «Into a Swan», ei veke før, den 3. september 2007. Albumet nådde 39. plassen på UK Albums Chart.

Mantaray fekk positiv omtale av musikkpressa. Nitsuh Abebe på Pitchfork skreiv «Ho er verkeleg pop. Albumet er ein suksess».[13] Journalisten Charlotte Heathcote skreiv om kvaliteten på songane: «Imponerande nok er det ikkje eit einaste svakt spor på albumet og med merksemda til ein perfeksjonist for detaljar har ein synthar, strykarar, blåsarar og perkusjon som skapar ein kreativ og overtydande effekt».[18] Mojo likte òg songane og arrangementet, og sa at «ein tørst for lydmessige eventyr stråler ut frå kvart spor».[19] Simon Price i The Independent hadde same synspunkt og skreiv at «Mantaray er ein forfriskande og vakker eksplosjon av is».[20] I ei melding på 4 av 5 stjerner skreiv The Times at «den stålaktige røysta hennar er like forførande som alltid».[15] På liknande vis skreiv The Telegraph-skribenten Andrew Perry at «ho høyrest bydande og lidenskapleg ut».[21] Q trykte ei positive melding og sa «Røysta til Siouxsie er like rik og sensuell som alltid, og teksten handlar mykje om gjenfødsel».[12] Uncut skreiv, «Heldigivis er ho framleis til sjuande og sist ein kompromisslaus outsider».[16]

Innhald endre

Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Into a Swan»Siouxsie, Kookie1, Brion James4:13
2.«About to Happen»Siouxsie, Noko, Charlie Jones, Steve Evans2:50
3.«Here Comes That Day»Siouxsie, Noko, Kookie, Howard Gray4:03
4.«Loveless»Siouxsie, Kookie, James4:25
5.«If It Doesn't Kill You»Siouxsie, Jones, Evans4:32
6.«One Mile Below»Siouxsie3:01
7.«Drone Zone»Siouxsie, Steve Hilton3:22
8.«Sea of Tranquility»Siouxsie, Jones, Evans5:13
9.«They Follow You»Siouxsie, Jones, Evans, Graham Crabb5:03
10.«Heaven and Alchemy»Siouxsie, Jones, Evans4:19

Medverkande endre

Salslister endre

Liste (2007) Plassering
UK Albums Chart[22] 39
Den franske albumlista[23] 132

Kjelder endre

  1. «Dreamshow Number one in UK dvd charts». Thecreatures.com. 30. august 2005. Henta 7. juli 2015
  2. «Siouxsie to Release Mantaray». Spin.com. 18. juli 2007. Henta 29. august 2020
  3. Clive Deamer spelte trommer på Mighty Rearrangør av Robert Plant i 2005.
  4. John Schaefer (4. september 2007). «Siouxsie Goes Solo [Radio interview]». WNYC. Henta 29. august 2020. 
  5. David Dye (3. oktober 2007). «Siouxsie Sioux: A Rock Icon Goes Solo [Radio interview]». NPR Music. Henta 29. august 2020. 
  6. 6,0 6,1 Eric Davidson (October 2007), «What's this Song about?», CMJ New Music: s. 12 
  7. Brown, Helen (13. september 2007). «Siouxsie Sioux strikes out alone». The Telegraph. Henta 29. august 2020. 
  8. Raggett, Ned. «Mantaray - review». AllMusic. AllRovi. Henta 28. august 2020. 
  9. Nelson, Tim «Mantaray - review». BBC.co.uk. 2007. Henta 3. mars 2015
  10. Simpson, Dave. «Mantaray - review». The Guardian. 31. august 2007. Henta 3. mars 2015
  11. «Mantaray - review». Metro. 15. september 2007
  12. 12,0 12,1 Mulholland, Gary. «Mantaray - review». Q. October 2007
  13. 13,0 13,1 Abebe, Nitsuh. «Mantaray - review»[daud lenkje]. Pitchfork. 4. september 2007. Henta 3. mars 2015
  14. Schrodt, Paul. «Mantaray - review». Slant Magazine. 3. oktober 2007. Henta 3. mars 2015
  15. 15,0 15,1 Harris, Sophie. «Mantaray - review». The Times (subscription required). 7. september 2007. Henta 3. mars 2015
  16. 16,0 16,1 Williamson, Nigel. «Mantaray - review». Uncut. October 2007
  17. Mackenzie, Wilson. «Mantaray - review». Spin. November 2007. P.125. «She's casting a refreshing new spell».
  18. Heathcote, Charlotte. «Mantaray - review». Sunday Express. 9. september 2007
  19. Segal, Victoria (September 2007), «Mantaray review», Mojo, s. 102 
  20. Price, Simon. «Mantaray - review». The Independent. 16. september 2007.
  21. Perry, Andrew. «Mantaray - review». The Telegraph. 8. september 2007
  22. «Siouxsie - UK Albums and singles charts». Officialcharts.com. Henta 24. mai 2015
  23. Mantaray - charts (France). Lescharts.com. Henta 3. mars 2015