Sitatteikn, hermeteikn eller gåsaugo («–», ‘–’, „-“, ,–‘ ) er skriftteikn som blir brukte til å markere direkte tale og sitat, eller til å markere at ord har ein spesiell valør. I norsk typografi bruker ein helst «doble vinklar», eller slike; „ “. Fordelen ved desse tradisjonelle sitatteikna er at folk som les norsk er vande med dei, og vidare at dei gir eit roleg skriftbilete, sidan dei ligg på høgde med x-en, «i x-høgda», og derfor ikkje gjer teksten unødvendig uroleg.

« »

Skiljeteikn

apostrof ( ' ) ( )
kolon ( : ) ( ː )
komma ( , )
tankestrek ( )
lang tankestrek ( )
bindestrek ( )
bindestrek‐minus ( - )
hard bindestrek ( )
utelatingsteikn ( )
ropeteikn ( ! ) ( ¡ )
punktum ( . )
halvhøgt punktum ( · )
interrobang ( )
ironiteikn ( ؟ )
spørsmålsteikn ( ? ) ( ¿ )
sitatteikn ( ‘ ’ ) ( “ ” ) (« ») (» «) (› ‹)
semikolon ( ; )
skråstrek ( / )
bakstrek ( \ )
lodrett strek ( | )
understrek ( _ )
aldusblad ( ) ( )
asterisk ( * )
asterisme ( )
kross ( )
dobbelkross ( )
innsettingssteikn ( ^ )
tilde ( ~ )
alinea ( )
listepunkt ( • ▪ ‣)


  Fordelingsmellomrom
hardt mellomrom (   )
mange fleire ( ) ( ) ( ) ( )


  Parentesar
parentes ( ( ) )
hakeparentes ( [ ] )
krøllparentes ( { } )
vinkelparentes ( 〈 〉 )
piggparentes ( ⁅ ⁆ )

Bruk endre

Mellom sitatteikn skal det ikkje stå andre teikn enn dei som høyrer til i den siterte teksten.[1]

Den typiske bruken av sitatteikn er når ein vil markere direkte tale:

«Du far?» Alfemann ser ned på støypen. «Det er noko eg må fortelja.»

(Avsluttande punktum innanfor sitatteikna.)

Om ein snur på setninga, kan ein skrive:

«Det er noko eg må fortelja», seier Alfemann og ser ned på støypen.

(Merk at kommaet no skal stå utanfor sitatteikna.)

Tilsvarande bruker ein sitatteikn for å markere ein sitert tekst:

«Larmen frå fridommen døydde. Togna var lyden som lenka oss saman?» (Kjartan Fløgstad i romanen «U3»). Dersom ord er utelatne frå slike sitat, skal vi markere det med utelatingsteikn: «Av kjøt og blod er håpet. […] Og håpet vårt var ikkje lysegrønt, men kvitt.»

I tekst set ein gjerne boktitlar og verktitlar i gåsaugo.

Ein set ord i gåsaugo for å markere at dei har ein spesiell valør:

Legen hadde gitt meg medisin. No var eg «frisk».

Sitat i sitat kan ein markere med andre sitatteikn, til dømes dei høge teikna ‘’ : «Legen hadde gitt meg medisin. No var eg ‘frisk’». Sitat i sitat i sitat kan ein markere med doble høge sitatteikn: “ og ”.

I lingvistikken er det vanleg at omtalte ord og uttrykk blir sette i kursiv, mens tydinga blir markert med ‘ ’:

«Sitat (frå latin citatum, av citare, ‘kalle fram’) er ei ordrett attgjeving».

Det er elles ulike meiningar om bruk av sitatteikn – og teikna blir brukt annleis i andre språk.

Sidan dei norske sitatteikna ikkje er å finne direkte på PC-tastaturet, er dei under press i skriftleg bruk. I Windows får ein «  ved å trykkje Alt+0171,  » ved å trykkje Alt+0187, ‘ ved å trykkje Alt+0145 og ’ ved å trykkje Alt+0146.

Kjelder endre

  1. Korrekturavdelingen: «Anførselstegn ved sitat, replikk eller tanke.»