Situasjonistiske Internasjonale
Den Situasjonistiske Internasjonalen (SI, fransk Internationale situationniste, IS) var ei lita gruppe radikale kunstnarar og tenkjarar som var verksam i Europa frå 1957 til 1972. Gruppa hadde eit høgdepunkt under opprøra i Frankrike i mai 1968. Situasjonistane sprang ut frå anarkistiske, marxistiske og avantgardisiske strøymingar på 1900-talet, og markerte seg mot moderne kapitalisme og konsumkultur.
Idear
endreSituasjonistar gjekk inn for å gjera opprør mot samfunnsordenen ved hjelp av kunstuttrykk i massemedium som teikneseriar, graffiti, ulike aksjonar og opptøyar. For situasjonistane var det viktig å plassera kunsten utanfor kunstinstitusjonen. Dei la vekt på situasjonen som oppstod i møtet mellom kunstverk og publikum.
Mykje av den situasjonistiske kritikken mot samfunnet bygde på kapitalen og «varefetisjismen» i samfunnet. Ein av grunnleggjarane i rørsla, Guy Debord, kritiserte i si bok Skuespillsamfunnet (La Société du spectacle) frå 1967 dette samfunnet der menneska var blitt tilskodarar, utan moglegheit til å påverka sine eigne liv. For situasjonistane var menneskeleg autonomi svært viktig.
SI gjekk til åtak på alle etablerte politiske og akademiske teoriar, og er av mange rekna som ein av de sterkeate drivkreftene bak studentopprøret i Frankrike i mai 1968. Samstundes retta dei også kritikk ikkje berre mot sovjetmarxismen, men også mot Mao sitt diktatur i Kina og Ho Chi Minh si brutale einsretting i Nord-Vietnam, på ei tid då det akademiske venstre i Europa elles hylla desse rørslene.
Medlemmer
endreGuy Debord framstod tidleg som den mest markerte blant medlemmene i gruppa, men han har seinare fått blanda omtale. Samtidig som han gav SI eit teoretisk fundament, utøvde han nær diktatorisk kontroll over utviklinga og medlemmene i gruppa.
Andre viktige medlemmer var den nederlandske målaren Constant Nieuwenhuys, den italiensk-skotske forfatteren Alexander Trocchi, den engelske kunstnaren Ralph Rumney, danske Asger Jorn, den ungarske opprørsleiaren Attila Kotanyi og den franske forfattaren Michele Bernstein.
Historie
endreDen første Situasjonistiske Internasjonale blei danna under eit møte i den italienske landsbyen Cosio d'Arroscia den 18. juli 1957. Her blei ulike avantgardistiske kunstnargupper førte saman: Lettrist International, Den internasjonale rørsla for eit imaginistisk Bauhaus (ei avgrening av COBRA-gruppa), og London Psychogeographical Association.
Gruppa var aktiv gjennom heile 1960-talet, men blei i løpet av tiåret delt opp i fleire mindre fraksjonar, som Bauhaus Situationiste, Antinasjonalen og den Andre Situasjonistiske Internasjonalen. Medlemmene i det opphavlege SI oppløyste gruppa i 1972 med ei siste utgåvet av tidsskriftet sitt Internationale Situationniste som analyserte 68-opprøret og la opp strategiar for framtidige revolusjonar.
Etter oppløysinga av SI heldt ulike smågrupper fram med arbeidet i fleire ulike land som Frankrike, Italia, England og USA. Kunstformer som biletkunst og senekunst har blitt sterkt påverka av situsjonisme, både i Noreg og internasjonalt.
Bakgrunnsstoff
endre- Situasjonistisk teori Arkivert 2014-11-03 ved Wayback Machine. i Gateavisa 170
- Teikneserieframstilling av opphavet til situasjonisme Arkivert 2016-03-05 ved Wayback Machine. ved gateavisa.no
- «Passasjer til et nytt liv» Arkivert 2013-03-20 ved Wayback Machine. i Morgenbladet
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Situasjonisme» frå Wikipedia på bokmål, den 20. mai 2012.
- Anton Autos, «Situasjonistisk teori» Arkivert 2014-11-03 ved Wayback Machine. i Gateavisa 170
- Karin Haugen, «Malerier med manifest» i Klassekampen, 9. mars, 2005
- Jan B. Vindheim, «Brennpunkt: Hjelmsgate» ved vindheim.net
- Nye rom for kunst Arkivert 2007-10-19 ved Wayback Machine. ved Norsk kulturråd