Sivgrashoppe
insektart
Sivgrashoppe | |
Sivgrashoppe | |
Status | |
Status i Noreg: Livskraftig[1] | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Leddyr Arthropoda |
Underrekkje: | Seksfotingar Hexapoda |
Klasse: | Insekt Insecta |
Orden: | Rettvenger Orthoptera |
Familie: | Lauvgrashopper Tettigoniidae |
Slekt: | Conocephalus |
Art: | Sivgrashoppe C. dorsalis |
Vitskapleg namn | |
Conocephalus dorsalis |
Sivgrashoppa (Conocephalus dorsalis) er ei grashoppe som finst i fuktige område nær saltvatn, særleg havstrender med mykje siv.
Både nymfene og dei vaksne insekta lever hovudsakleg av plantekost som knoppar, frø og blomar, men det hender òg dei et bladlus, sikadar og ulike insektlarvar.
I Noreg har arten vore rekna som nær truga (etter Norsk Raudliste 2006), på grunn av utbyggingar i strandsona, men er frå 2010 vorten vurdert som livskraftig. Han vart første gong påvist i Noreg ved Hvaler i 1935, og har sidan vorte funnen ved fleire strender frå svenskegrensa og vest til Kristiansand.[2]
Kjelder endre
- Hansen, Lars Ove: Rettvinger, kakerlakker og saksedyr i Insekt-Nytt 1/2 2007[daud lenkje]
- Referansar
- ↑ Olsen KM og Lønnve OJ (24. november 2021). «Rettvinger: Vurdering av sivgresshoppe Conocephalus dorsalis for Norge. Norsk rødliste for arter 2021.». Artsdatabanken. Henta 13. mars 2022.
- ↑ «Artsdatabankens artsopplysningar». Artsdatabanken. 13. mars 2022. Henta 13. mars 2022.