Vokal
Ein vokal eller sjølvljod er ein fon (ein ljod) som vert laga med ein ubroten luftstraum gjennom munn, som til dømes dei siste ljodane i dei norske orda ni, ny, du, mo, be, bø, må, bæ og sa. Meir presist kan vokalen definerast slik:
- Luftstraumen slepp ut or munnen langs midten av tunga
- Luftstraumen er ikkje hindra av eit fullstendig lukke i munnen, eller av ei innsnevring som er så sterk at det oppstår høyrleg friksjon
- Den sterkaste innsnevringa finst mellom tungeryggen (dorsum) og munntaket
Nemninga vert òg nytta på bokstavar som står – eller stod – for vokalljod.
Etymologi
endreLitt forenkla er skilnaden mellom vokal og konsonant at ein vokal kan syngjast, medan ein konsonant ikkje kan syngjast. Ordet «vokal» kjem av det latinske vōcālis littera – «talande/syngjande bokstavar» – og har samanheng med uttrykket vokalist.
Ordet «sjølvljod» er etter mønster av det tyske Selbstlaut og spelar på at vokalen kan låta sjølv, medan konsonanten berre læt saman med ein vokal – og difor ikkje kan syngjast utan ein vokal attmed.
Artikulasjon
endrePosisjonen til tunga og leppene avgjer kva slags kvalitet eller klangfarge ein vokal får. Tungeryggen kan vera høgt oppe eller lågt nede, framme eller bak i munnen. Leppene kan vere runda eller spreidde.
Vokalfirkanten
endrePosisjonen til tungeryggen varierer i eit todimensjonalt «vokalrom» som blir kalla vokalfirkanten, med ein vertikal og ein horisontal dimensjon. Ein tek gjerne utgangspunkt i eit tenkt - og noko kontroversielt - "høgaste punkt" på tungeryggen:
Fremre vokalar | Vokalfirkanten | Bakre vokalar |
---|---|---|
Tungeposisjonen ved dei fremre vokalane [i], [e], [ɛ] og [a]. | Vokalfirkanten. Når vokalsymbola er ordna i par, representerer den til venstre ein urunda vokal og den til høgre ein runda. | Tungeposisjonen ved dei bakre vokalane [u], [o], [ɔ] og [ɑ]. |
Den vertikale dimensjonen
endreYtterpunkta i den vertikale dimensjonen er trong (engelsk close) og open (engelsk open):
Når ein vokal vert uttala med tungeryggen så høgt oppe som ved vokalane [i] og [u], er han trong |
||
Når ein vokal vert uttala med tungeryggen så langt nede som ved vokalane [a] og [ɑ], er han open |
Den horisontale dimensjonen
endreYtterpunkta i den horisontale dimensjonen er fremre (engelsk front) og bakre (engelsk back):
Når ein vokal vert uttala med tungeryggenså langt framme som ved vokalane [i] og [a], er han fremre |
Når ein vokal vert uttala med tungeryggen så langt bak som ved vokalane [u] og [ɑ], er han bakre |
Mellomstadium
endreTrong og open blir kalla opningsgradar, og mellom desse to ytterpunkta har vi vokalar som er trong-midtre (engelsk close-mid) og open-midtre (engelsk open-mid), på det viset at avstanden frå trong til trong-midtre er lik avstanden frå trong-midtre til open-midtre, som er lik avstanden frå open-midtre til open.
Når ein vokal vert uttala med tungeryggen så høgt oppe som ved vokalane [i] og [u], er han trong |
||
Når ein vokal vert uttala med tungeryggen så høgt oppe som ved vokalane [e] og [o], er han trong-midtre |
||
Når ein vokal vert uttala med tungeryggen så høgt oppe som ved vokalane [ɛ] og [ɔ], er han open-midtre |
||
Når ein vokal vert uttala med tungeryggen så langt nede som ved vokalane [a] og [ɑ], er han open |
Langs den horisontale dimensjonen har vi midt mellom fremre og bakre ein tungeposisjon sentral (engelsk central). Dette er illustrert i dei to tabellane under med tre tronge, urunda vokalar og tre trong-midtre, runda vokalar:
Når ein vokal vert uttala med tungeryggen så langt framme som ved vokalen [i], er han fremre |
Når ein vokal vert uttala med tungeryggen midt imellom fremre og bakre som ved vokalen [ɨ], er han sentral |
Når ein vokal vert uttala med tungeryggen så langt bak som ved vokalane [ɯ], er han bakre |
Når ein vokal vert uttala med tungeryggen så langt framme som ved vokalen [ø], er han fremre |
Når ein vokal vert uttala med tungeryggen midt imellom fremre og bakre som ved vokalen [ɵ], er han sentral |
Når ein vokal vert uttala med tungeryggen så langt bak som ved vokalane [o], er han bakre |
Leppestilling, ein tredje dimensjon
endreLeppestillinga ved vokalane utgjer ein tredje dimensjon attåt den horisontale og den vertikale leppestillinga.
- Når ein vokal vert uttala med leppene i same stillinga som ved vokalane [i], [e] og [a], er han urunda
- Når ein vokal vert uttala med leppene i same stillinga som ved vokalane [o] og [u], er han runda
Denne skilnaden i leppestillinga er illustrert visuelt på teikninga til høgre.
På alle punkt i vokalfirkanten kan vi uttale både ein urunda og ein runda vokal. Her er nokre døme:
Den urunda vokalen [i] | Den runda vokalen [y] |
Den urunda vokalen [e] | Den runda vokalen [ø] |
Den urunda vokalen [ɯ] | Den runda vokalen [u] |
Den urunda vokalen [ɤ] | Den runda vokalen [o] |
Andre vokaleigenskapar
endreVokalen kan òg vera variere langs dimensjonane nasalitet og kvantitet.