Sjøredningskorps
Sjøredningskorps har i Noreg vorte oppretta for å drive aktivt sjøredningsarbeid, og å gi ålmenta opplæring og trening i tryggleik til sjøs. Det er Redningsselskapet som har oppretta og driv dei 24 redningskorpsa, med til saman 1200 frivillige.[1]
I 1980-åra vart det gjort ulike forsøk på å starte sjøredningskorps ulike stader i landet. Desse forsøka førte ikkje fram. I Trondheimsfjorden og på Mjøsa var det redningsfartøy som vart bemanna av frivillige. Desse to redningsskøytene RS «Jaycees» (RS 98) og RS «G.J.Kastor» (RS 97) vart bemanna av frivillige utan at drifta var organisert som sjøredningskorps. I 1996 oppretta Redningsselskapet eit sjøredningskorps i Arendal. Dette var meint som ei prøveordning. Forsøket var vellukka og fleire korps har vorte oppretta. Det har og vorte oppretta slike korps ved innsjøane Mjøsa og Femunden.[2]
Sjøredningskorpsa disponerer mindre fartøy som er bygde for stor fart, og som har vassjet som framdrift i staden for propell. Desse fartøya vert bemanna av frivillig mannskap som er medlemmer av Redningsselskapet. Sjøredningskorpsa er basert på heilårsdrift og er eit supplement til dei fast bemanna redningsskøytene.[1][3]
Oversikt over sjøredningskorps og fartøy[3]:
Landsdel | Sjøredningskorps | Fartøy |
---|---|---|
Nord-Noreg | Alta | RS 145 Vekteren |
Tromsø | RS 128 Gideon | |
Harstad | RS 122 Simrad Færder | |
Brønnøysund | RS 144 Uni Helgeland | |
Midt-Noreg | Namsos | RS 124 Hvaler |
Levanger | RS Båt 16 | |
Trondheim | RS 131 Uni | |
RS 164 Jens Bye | ||
Femunden | RS 149 Uni Røros | |
Vestlandet | Aukra | RS 141 Mærsk |
Ålesund | RS 154 Det Norske Veritas II | |
Måløy | RS 123 Simrad Buholmen | |
Mongstad | RS 130 Utvær | |
Bergen | RS 140 Bjarne Kyrkjebø | |
Stord | RS 120 Sundt | |
Sørlandet | Stavanger | RS 151 Sjømann |
Mandal | RS 157 Bill | |
Kristiansand | RS 155 Bendt R. Rasmussen | |
Lillesand | RS 165 Askeladden | |
Austlandet | Kragerø | RS 143 Uni Kragerø |
Skjeberg | RS 166 Horn Stayer | |
Tønsberg | RS 156 Eivind Eckbo | |
Moss | RS 159 Elias | |
Horten | RS 135 Kaptein Egil J. Nygård | |
Oslo | RS 139 Uni Oslofjord | |
RS 161 Einar Staff Sr | ||
Mjøsa | RS 148 Mjøsvekteren |
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 «Årsrapport 2017» (PDF). Redningsselskapet.
- ↑ «Fra seil til vannjet – redningsskøytenes historie» (PDF), velihavn.no, henta 22. mars 2019
- ↑ 3,0 3,1 «Redningsskøytene», Redningsselskapet (på norsk bokmål), henta 21. mars 2019