Skagen Fyr

Koordinatar: 57°44′7.7″N 10°37′48.7″E

Skagen Fyr, på Skagen i Danmark, òg kalla det grå fyr, vart bygd i 1858, og teke i bruk 1. november same året. Det 46 meter høge fyret er det nest høgaste i Danmark. Det høgaste, Dueodde FyrBornholm, er på 47 meter. Det er 210 trappesteg til toppen av Skagen Fyr, der det er vidt utsyn over Grenen, Skagen og havområda Skagerrak og Kattegat.

Skagen fyr, fotografert i 2006.

Fyret har ei roterande linse på litt over to tonn som flyt på kvikksølv. Lyskjelda er ei 400 watts natriumlampe, og lyset kan sjåast over 20 sjømil med eitt blink kvart fjerde sekund.

Skagen Fyr er teikna av den danske arkitekten Niels Sigfred Nebelong og vart freda i 1977.[1]

GalleriEndra

KjelderEndra

  1. «Det Grå Fyr, Skagen» (dansk). Slots- og Kulturstyrelsen. Henta 9. september 2016. 

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Skagen Fyr