Opna hovudmenyen

Skalmen fyrstasjon er eit kystfyr som ligg utanfor Smøla i Møre og Romsdal.

Skalmen fyrstasjon
Skalmen, Smøla - S-1602U2 091.jpg
Skalmen fyr ca. 1890–1900
Foto: Fyrdirektoratet / Arkivverket
FylkeMøre og Romsdal
KommuneSmøla
FunksjonKystfyr
Oppretta1907
Koordinatar63°28.2808′N 7°45.6998′EKoordinatar: 63°28.2808′N 7°45.6998′E
Fyrtårn
Høgd15,5
FormKvitt hus med lågt fyrtårn og bifyr
Fyrlys
LyskarakterLysglimt kvart 30. sekund
Lysstyrke79 200 cd
Lyshøgd24 moh
Bifyr: 21,3 moh
Lysvidde14,8 nm
Status
Automatisert2002
Avfolka2002
Skalmen fyrstasjon is located in Sør-Trøndelag
Plasseringa til Skalmen fyrstasjon

Fyret vart oppretta i 1907. Det har eit bifyr i same bygning. Fyrbygningen er 15,5 meter høg og lyshøgda er 24 meter. Dette gjev ei lysvidde på 14,8 nautiske mil. Fyrlykta har eit 4. ordens linseapparat. Fyret vart forsterka i 1962 og avbemanna og automatisert i 30. juni 2002.

Den første fyrvokteren på Skalmen var førstestyrmann Anton Lund som var med på Gjøa-ekspedisjonen til Roald Amundsen. Lund hadde med seg ein sledehund frå denne ekspedisjonen ut på fyret og enno er det spor etter hunden i sementen på fyret.

KlimaEndra

Det var vêrstasjon på Skalmen fyr frå november 1984 til mai 2002, og stasjonen er av stadane i landet der ein har målt kraftigast vind. Under nyårsorkanen i 1992 vart det her målt ein vindstyrke på 46 m/s med vindkast opp i 62 m/s (223 km/t). Stasjonen låg 13 meter over havet.

Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Temperatur (°C) 2,6 2,5 3,0 4,5 8,0 10,5 12,2 12,8 10,9 8,5 5,2 3,4 7,0
Nedbør (mm) 79 65 68 54 39 47 61 74 110 117 100 106 920

Sjå ògEndra

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra