Skatval kyrkje
Skatval kyrkje ligg ved E6 på Skatval i Stjørdal kommune i Trøndelag fylke, og var opphavleg ei mellomalderkyrkje, men er blitt påbygd fleire gonger. Kyrkja slik ho står i dag er ei trekyrkje frå 1901. Det er kyrkjegard ved kyrkja.
Skatval kyrkje | |||
kyrkje | |||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
---|---|---|---|
Bispedøme | Nidaros | ||
Prosti | Stjørdal | ||
Sokn | Skatval | ||
Fellesråd | Stjørdal | ||
Type | langkyrkje | ||
Arkitekt | Johan Th. Wæhre | ||
Material | tre | ||
Innvigd | 1901 | ||
Kyrkjegard | det er kyrkjegard ved kyrkja | ||
Preikestol | tre, 1901 | ||
Døypefont | stein, 1892 | ||
Sitjeplassar | 500 | ||
![]() Skatval kyrkje | |||
Wikimedia Commons: Skatval kirke | |||
I 1589 var det tre kyrkjer som det ikkje lenger var behov for, Auran og Fløan kyrkjer i Skatval og Skjølstad kyrkje i Hegra. Det vart då igjen fire kyrkjer i Stjørdal prestegjeld, hovudkyrkja Værnes kyrkje og Skatval, Hegra kyrkje og Lånke kyrkje. Desse kyrkjene vart betent av to prestar.
Ved kongeleg resolusjon 28. juli 1849 vart Stjørdal prestegjeld delt, og Nedre Stjørdal prestegjeld kom til å bestå av Værnes (Stjørdal) hovudsokn og anneksa Lånke og Skatval. Prestegjeldet fekk ein sokneprest og ein kapellan.
KjelderEndra
- Redaktør: Alf Henry Rasmussen – Våre kirker : norsk kirkeleksikon. Vanebo Forlag, Kirkenær 1993. ISBN 82-7527-022-7 - «Skatval kirke», s. 229
Vidare lesnadEndra
- Johan Petter Rønningen: Skatval kirke 1901-1976 Utgitt i 1976. 81 sider
- Johan Petter Rønningen: Skatval kirke 1901-1991 Utgitt i 1991. 247 sider
BakgrunnsstoffEndra
- Om Skatval sokn på nettstaden til Den norske kyrkja
- Fotografi frå 1927 av Skatval kyrkje, fotograf: Anders Beer Wilse
- Arkivverket: «Kirkebøker, Nord-Trøndelag»
- Skatval kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren