Skeise-VM 1958 for menn

Verdsmeisterskapen på skeiser 1958 for menn vart avvikla på Olympiastadion i Helsinki helga 15. og 16. februar 1958. 40 utøvarar frå 16 land deltok i meisterskapen, av dei fem frå Noreg.

Oleg Gontsjarenko frå Sovjetunionen vart verdsmeister framom landsmannen Vladimir Sjilikovskij og med norske Roald Aas på tredjeplassen. Dei to sovjetiske utøvarane var i ei klasse for seg, Sjilikovskij vann 5000-meteren og Gontsjarenko 1500 m. Deira landsmann Robert Merkulov gjekk fortast av alle på 500 meter, norske Knut Johannesen fekk bestetid på 10 000 m.

Skeise-VM 1958Endra

Plass Utøvar Land Poeng
  Oleg Gontsjarenko   Sovjetunionen 193,905
  Vladimir Sjilikovskij   Sovjetunionen 194,105
  Roald Aas   Noreg 195,773
4 Helmut Kuhnert   Aust-Tyskland 196,592
5 Knut Johannesen   Noreg 196,875
6 Olle Dahlberg   Sverige 196,883
7 Robert Merkulov   Sovjetunionen 196,983
8 Juhani Järvinen   Finland 197,003
9 Torstein Seiersten   Noreg 197,547
10 Toivo Salonen   Finland 197,863

Dato: 15./16. februar 1958

KjelderEndra