Skeise-VM 1959 for menn

Verdsmeisterskapen på skeiser 1959 for menn vart avvikla på Bislett stadion i Oslo helga 14. og 15. februar 1959. 45 utøvarar frå 14 land deltok i meisterskapen, av dei fem frå Noreg.

Juhani Järvinen frå Finland vart verdsmeister framom landsmannen Toivo Salonen. Sistnemnde vann 1500-meteren, medan Gennadij Voronin frå Sovjetunionen gjekk fortast på 500 meter, Jan Pesman frå Nederland vann 5000 m og norske Knut Johannesen 10000 m.

Skeise-VM 1959Endra

Plass Utøvar Land Poeng
  Juhani Järvinen   Finland 190,155
  Toivo Salonen   Finland 190,837
  Robert Merkulov   Sovjetunionen 191,015
4 Knut Johannesen   Noreg 191,227
5 Jan Pesman   Nederland 191,652
6 Torstein Seiersten   Noreg 192,363
7 Oleg Gontsjarenko   Sovjetunionen 192,490
8 Roald Aas   Noreg 194,097
9 Wang Jinyu   Kina 194,173
10 Kees Broekman   Nederland 195,413

Dato: 14./15. februar 1959

KjelderEndra