Skeise-VM 1961 for menn

Verdsmeisterskapen på skeiser 1961 for menn vart avvikla på Ullevi i Göteborg i Sverige helga 18. og 19. februar 1961. 41 utøvarar frå 15 land deltok i meisterskapen, av dei fem frå Noreg.

Henk van der Grift frå Nederland vart verdsmeister, med Viktor Kositsjkin frå Sovjetunionen på andreplass. Grift fekk bestetid på 1500-meteren og Kositsjkin på milløpet. Sovjetiske Jevgenij Grisjin gjekk fortast på høvesvis 500 meter og Ivar Nilsson frå Sverige på 5000 meter.

Skeise-VM 1961 endre

Plass Utøvar Land Poeng
  Henk van der Grift   Nederland 189,213
  Viktor Kositsjkin   Sovjetunionen 189,375
  Rudie Liebrechts   Nederland 189,670
4 André Kouprianoff   Frankrike 190,137
5 Boris Stenin   Sovjetunionen 191,167
6 Ivar Nilsson   Sverige 191,330
7 Robert Merkulov   Sovjetunionen 192,192
8 Wang Jinyu   Kina 192,337
9 Bo Karenus   Sverige 192,828
10 Hermann Strutz   Austerrike 193,247
11 Knut Johannesen   Noreg 193,438

Dato: 18./19. februar 1961

Kjelder endre