Skeise-VM 1976 i sprint-firkamp

Verdsmeisterskapen 1976 i sprint-firkamp på skeiser vart avvikla i Vest-Berlin i dåverande Vest-Tyskland laurdag 6. og sundag 7. mars. Meisterskapen var den sjuande i sprint-firkamp. 43 utøvarar, 25 karar og 18 kvinner, deltok i meisterskapen. Sovjetunionen og andre austeuropeiske statar boikotta meisterskapen då han fann stad i Vest-Berlin.

Sheila Young frå USA vart verdsmeister for tredje gong, etter å ha vunne alle fire løpa. Johan Granath frå Sverige vart verdsmeister utan å vinne eit einaste løp. Dan Immerfall frå USA var bestemann på dei to 500-meterane, Hans van Helden frå Nederland det same på 1000-meterane.

Verdsmeisterskapen 1976 i skeise-sprint/Menn

endre
Plass Utøvar Land Poeng
  Johan Granath   Sverige 160,845
  Dan Immerfall   USA 161,200
  Peter Mueller   USA 161,235
4 Hans van Helden   Nederland 161,655
5 Kai Arne Engelstad   Noreg 161.715
6 Jørn Didriksen   Noreg 162,245
7 Per Bjørang   Noreg 162,450
8 Horst Freese   Vest-Tyskland 163,100
9 Gaétan Boucher   Canada 163,415
10 Jan Egil Storholt   Noreg 164,525
11 Bernt Jansson   Sverige 165,010
12 Mats Wallberg   Sverige 165,145
13 Hans Lichtenstern   Vest-Tyskland 165,555
14 Pertti Niittylä   Finland 165,840
15 Masaki Suzuki   Japan 166,590

Dato: 6./7. mars

Verdsmeisterskapen 1976 i skeise-sprint/Kvinner

endre
Plass Utøvar Land Poeng
  Sheila Young   USA 173,950
  Leah Poulos   USA 175,900
  Sylvia Burka   Canada 177,305
4 Paula Halonen   Finland 179,845
5 Nancy Swider   USA 180,635
6 Kim Kostron   USA 180,675
7 Ann-Sofie Järnström   Sverige 181,680
8 Makiko Nagaya   Japan 181,750
9 Haitske Pijlman   Nederland 181,785
10 Lisbeth Berg   Noreg 182,235

Dato: 6./7. mars

Kjelder

endre