Skeise-VM 1997 i firkamp

Verdsmeisterskapen på skeiser 1997 i firkamp vart avvikla i Nagano i Japan dagane frå fredag 14. til sundag 16. februar. 66 utøvarar frå 24 land deltok i meisterskapen.

Tyske Gunda Kleemann forsvarte meistertittelen og vart verdsmeister i firkamp for sjette gong. Ids Postma frå Nederland vart verdsmeister for fyrste gong. Kleemann vann tre distansar, Postma ein distanse. Bart Veldkamp var bestemann på dei to lengste distansane og Lee Kyu-hyuk frå Sør-Korea gjekk fortast av alle på 500 meter. Annamarie Thomas var raskast av kvinnene på 500 m.

Dei tre norske deltakarane utmerka seg ikkje. Lasse Sætre vart nummer 11, Anette Tønsberg 14 og Kjell Storelid 30.

Skeise-VM 1997

endre
Plass Utøvar Land Poeng
  Ids Postma   Nederland 157,906
  Keiji Shirahata   Japan 158,466
  Frank Dittrich   Tyskland 158,687
4 K.C. Boutiette   USA 158,739
5 Rintje Ritsma   Nederland 159,090
6 Bart Veldkamp   Belgia 159,209
7 Hiroyuki Noake   Japan 160,461
8 Toru Aoyanagi   Japan 160,900
9 Neal Marshall   Canada 161,067
10 Dave Tamburrino   USA 161,454
11 Lasse Sætre   Noreg 161,503

Dato: 14.–16. februar

Kvinner

endre
Plass Utøvar Land Poeng
  Gunda Kleemann   Tyskland 165,708
  Claudia Pechstein   Tyskland 168,179
  Tonny de Jong   Nederland 168,206
4 Anni Friesinger   Tyskland 168,751
5 Annamarie Thomas   Nederland 169,605
6 Svetlana Bazjanova   Russland 169,695
7 Ljudmila Prokasjeva   Kasakhstan 170,125
8 Mie Uhara   Japan 170,733

Dato: 14.–16. februar

Kjelder

endre