Skeise-VM 2001 i sprint-firkamp

Verdsmeisterskapen 2001 i sprint-firkamp på skeiser vart avvikla laurdag 20. og sundag 21. januar i Inzell i Tyskland. Meisterskapen var den 32. i sprint-firkamp. 74 utøvarar, 42 karar og 32 kvinner, deltok i meisterskapen.

Mike Ireland frå Canada vart verdsmeister i ei tevling der uvanleg mange kjempa om sigeren til siste distansen var sluttført. Hiroyasu Shimizu frå Japan var bestemann på begge 500-meterane, medan Erben Wennemars frå Nederland vann den fyrste 1000-meteren og norske Ådne Søndrål den andre. I kvinneklassa sikra tyske Monique Garbrecht seg meistertittelen for tredje gong i rad. Ho sigra også i dei to 1000-meterløpa. Canadas Catriona LeMay vann dei to 500-meterane.

Verdsmeisterskapen 2001 i skeise-sprint/Menn

endre
Plass Utøvar Land Poeng
  Mike Ireland   Canada 143,125
  Hiroyasu Shimizu   Japan 143,275
  Jeremy Wotherspoon   Canada 143,350
4 Jan Bos   Nederland 143,590
5 Erben Wennemars   Nederland 143,685
6 Ådne Søndrål   Noreg 143,890
7 Gerard van Velde   Nederland 143,965
8 Manabu Horii   Japan 144,085
9 Lee Kyu-hyuk   Sør-Korea 144,140
10 Toyoki Takeda   Japan 144,655
11 Sergej Klevtsjenja   Russland 144,910
12 Grunde Njøs   Noreg 144,930
13 Casey FitzRandolph   USA 144,935
14 Joey Cheek   USA 145,115
15 Janne Hänninen   Finland 145,225

Dato: 20./21. januar

Verdsmeisterskapen 2001 i skeise-sprint/Kvinner

endre
Plass Utøvar Land Poeng
  Monique Garbrecht   Tyskland 155,970
  Eriko Sanmiya   Japan 156,580
  Catriona LeMay   Canada 156,840
4 Aki Tonoike   Japan 158,010
5 Svetlana Zjurova   Russland 158,220
6 Marianne Timmer   Nederland 158,245
7 Chris Witty   USA 158,710
8 Andrea Nuyt   Nederland 158,805
9 Varvara Barysjeva   Russland
Amy Sannes   USA 159,185
11 Cindy Klassen   Canada 159,775
12 Tomomi Okazaki   Japan 159,780

Dato: 20./21. januar

Kjelder

endre