Skeise-VM 2002 i sprint-firkamp

Verdsmeisterskapen 2002 i sprint-firkamp på skeiser vart avvikla laurdag 19. og sundag 20. januar i VikingskipetHamar. Meisterskapen var den 33. i sprint-firkamp. 74 utøvarar, 42 karar og 32 kvinner, deltok i meisterskapen.

Jeremy Wotherspoon frå Canada sigra i tre av distanseløpa og vart verdsmeister for tredje gong, Hiroyasu Shimizu frå Japan var bestemann på sundagens 500-meter. Kanadiske Catriona LeMay vann dei to 500-meterane i kvinneklassa og vart verdsmeister i sprint for andre gong, fire år etter den førre triumfen. Belarusiske Anzjelika Kotjuga og tyske Sabine Völker gjekk inn til siger på kvar sin 1000-meter.

Verdsmeisterskapen 2002 i skeise-sprint/Menn

endre
Plass Utøvar Land Poeng
  Jeremy Wotherspoon   Canada 139,820
  Casey FitzRandolph   USA 140,605
  Mike Ireland   Canada 140,830
4 Gerard van Velde   Nederland 140,915
5 Erben Wennemars   Nederland 140,920
6 Lee Kyu-hyuk   Sør-Korea 141,195
7 Kip Carpenter   USA
Joey Cheek   USA 141,615
9 Hiroyasu Shimizu   Japan 141,775
10 Dmitrij Dorofejev   Russland 141,900
11 Janne Hänninen   Finland 142,170
12 Ådne Søndrål   Noreg 142,310
13 Choi Jae-bong   Sør-Korea 142,575
14 Sergej Klevtsjenja   Russland 142,710

Dato: 19./20. januar

Verdsmeisterskapen 2002 i skeise-sprint/Kvinner

endre
Plass Utøvar Land Poeng
  Catriona LeMay   Canada 152,680
  Andrea Nuyt   Nederland 153,420
  Anzjelika Kotjuga   Belarus 153,635
4 Monique Garbrecht   Tyskland 153,670
5 Sabine Völker   Tyskland 153,700
6 Svetlana Zjurova   Russland 154,345
7 Aki Tonoike   Japan 155,105
8 Sayuri Osuga   Japan 155,445
9 Amy Sannes   USA 155,600
10 Marianne Timmer   Nederland 155,800
11 Marieke Wijsman   Nederland 156,005
12 Chiara Simionato   Italia 156,030
13 Tomomi Okazaki   Japan 156,040
14 Eriko Sanmiya   Japan 156,165

Dato: 19./20. januar

Kjelder

endre