Skeise-VM 2007 i firkamp

Verdsmeisterskapen på skeiser 2007 i firkamp vart avvikla i Heerenveen i Nederland dagane frå 9. til 11. februar. 24 kvinner og like mange menn frå 14 ulike land deltok i meisterskapen.

Nederlendarane Sven Kramer og Ireen Wüst vart begge verdsmeistrar for fyrste gong. Kramer sigra også på dei to lengste distansane, Wüst på 1500 meter og 3000 meter. Erben Wennemars, også han frå Nederland, var besteman på dei to kortatse distansane. Tyske Anni Friesinger og tsjekkiske Martina Sáblíková vann høvesvis 500 meter og 5000 meter for kvinner.

Dei norske deltakarane vart nummer 4 Håvard Bøkko, 8 Eskil Ervik. 12 Maren Haugli, 18 Sverre Haugli og 19 Henrik Christiansen.

Skeise-VM 2007

endre
Plass Utøvar Land Poeng
  Sven Kramer   Nederland 147,216
  Enrico Fabris   Italia 149,043
  Carl Verheijen   Nederland 149,237
4 Håvard Bøkko   Noreg 150,325
5 Erben Wennemars   Nederland 150,601
6 Shani Davis   USA 150,712
7 Wouter Olde Heuvel   Nederland 151,187
8 Eskil Ervik   Noreg 151,497
9 Ivan Skobrev   Russland 151,881
10 Denny Morrison   Canada 152,611

Dato: 9.–11. februar

Kvinner

endre
Plass Utøvar Land Poeng
  Ireen Wüst   Nederland 158,662
  Anni Friesinger   Tyskland 160,515
  Cindy Klassen   Canada 160,754
4 Claudia Pechstein   Tyskland 162,302
5 Martina Sáblíková   Tsjekkia 162,495
6 Paulien van Deutekom   Nederland 162,442
7 Kristina Groves   Canada 162,451
8 Daniela Anschütz   Tyskland 162,972
9 Christine Nesbitt   Canada 163,711
10 Marja Vis   Nederland 163,824
11 Wang Fei   Kina 164,411
12 Maren Haugli   Noreg 162,748

Dato: 9.–11. februar

Kjelder

endre