Skipsregistrene NIS/NOR
det norske skipsregisteret
Skipsregistrene var eit norsk statleg forvaltingsorgan under Nærings- og fiskeridepartementet med ansvar for å administrera dei to skipsregistera Norsk internasjonalt skipsregister (NIS) og Norsk Ordinært Skipsregister (NOR), herunder Skipsbyggingsregisteret (BYGG).
Skipsregistrene NIS/NOR | |
Selskapsform | undereining til næringsdrivande og offentleg forvaltning ![]() |
---|---|
Org.nr. | 874 647 802 |
Hovudkontor | Bergen ![]() |
Nettstad | https://www.sdir.no/ |
Oppgåva til skipsregistera var å tena som eit ledd i den offentlege kontrollen av registrerte skip og eigartilhøva deira, og å tena som rettsvernsregister for registrering av rettar i skip. Etaten vart etablert 15. mai 1992 og var direkte underlagd Nærings- og handelsdepartementet. Hovudkontoret låg i Valkendorfsgaten 6 i Bergen. Skipsregistera vart omdanna til ei avdeling i Sjøfartsdirektoratet frå 1. januar 2012.
Kjelder Endra
- Denne artikkelen bygger på «Skipsregistrene NIS/NOR» frå Wikipedia på bokmål, den 27. juni 2020.