Denne artikkelen omhandlar skipsskrog. For andre tydingar av ordet sjå: Skrog

Skrogskip og båtar er den flytande delen av skipet. Ulike typar skip har ulike skrogformer alt etter kva for eit behov dei har. Behovet vert stilt av ynskt fart, ynskt lasteevne, ynskt sjødugleik. Skroget på eit skip omfattar kjøl, spant (innvendige ribbar), kledning (hud), dekk og fast innreiing, men ikkje rigg, maskineri og ror. Skip og båtar kan ha ein, to eller fleire skrog. Ein toskrogsbåt vert kalla katamaran, treskrogs trimaran. Tidlege tankskip hadde enkelt skrog (single hull), medan det no er vanleg å byggja tankskipa med dobbelt skrog (double hull).

Sideprofila på nokre av dei største skipa i verda viser ulike skrogformer på lasteskip, passasjerskip og hangarskip: * «Knock Nevis», det største skipet som er bygt * Emma Mærsk, det største skipet i bruk * RMS Queen Mary 2 * MS «Berge Stahl» * USS «Enterprise»



For å minimera motstand vert det ofte brukt ei tilnærma kule-, pære- eller dropeform i fronten både i fly- og skipsskrog. På fly er forma modifisert for å gje piloten det naudsynte synsfeltet. På skip vert denne kalla bulbbaug.

Lastelinjemerker på skrogsida viser kor djupt skipet ligg i vatnet og kor tungt det er lov å lasta eit skip.

Mål og dimensjonar på skrog endre

Notasjonar endre

  • KVL – konstruksjonsvasslinja. Dette er vasslinja skipet skal flyta på ved den lastmengda det er konstruert for.
  • AP – aktre perpendikulær. Ei vertikal linje gjennom rorstamma.
  • FP – forre perpendikulær. Ei vertikal linje gjennom det punktet framom der skroget treff konstruksjonsvasslinja (KVL) (som vanlegvis tyder at bulben er under vatn, og overhenget til baugen over, er framom for FP).

Hovuddimensjonar i lengdretning endre

  • Loa (eng. Loa)
Den totale største lengda av skroget.

«»

  • Lvl (eng. Lwl)
Lengd i vasslinja. Skildrar lengda til skroget i vasslinja.
  • Lpp (eng. Lbp)
Dette er lengd mellom perpendikulærane. Gjev lengda mellom aktre og framre perpendikulær.
  • Midtspantet
Dette er den vertikale linja gjennom det punktet som ligg midt mellom AP og FP. Kan òg kallast nullkryss. Dette er ofte det spantet med størst spanteareal.

Hovuddimensjonar for breidd og djupn endre

  • Bsp (eng. Bm)
Breidd på spant (eng. breadth moulded). Gjev breidda til skroget innvending fram til huda for stål- og aluminiumsskip og breidd inkl. huda for tre- og plast skrog.
  • B (eng. B)
Største breidde. Breidd til ytterside av hudplatene. Den største breidda er ofte midtspantet.
  • Dr (eng. Dm)
Djupn i riss (eng. depth moulded). Dette er avstanden frå underkant av dekk i borde til overkant av kjølplate. Målet avheng av om fartøyet har stangkjøl eller ikkje.
  • T (eng. d)
Djupgjengd (eng. draft/draugth). Angjev avstanden frå vasslinja (VL) til underkant av kjølplate på midtspantet. Denne djupgangen er altså det djupaste punktet på skipet, og vil variera med ulike lastetilstandar. Djupgjengdsmerker (eng. draft marks) er merkt framme og akter og/eller midtskips på skroget, og alle tre måla vert brukt i gjevne samanhengar. Merk at det djupaste punktet på skipet kan vera framme eller akter (eller midtskips) avhengig av trimmen på skipet (lastfordelinga langskips) og skrogform.
  • F (eng. F)
Fribord: Angjev avstanden frå overkant av dekksplate i borde til vasslinja. Det er altså kor høgt dekk ligg over vassflata. Det vert stilt krav til fribord basert på årstid, skrogform og farvatn. Ut ifrå krava vert det måla eit lastemerke (eng. plimsoll) på skipssida. Skipet får ikkje lov til å segla om ikkje fribordmerket ligg over vatn. Dette skal altså sikra at skipet har stor nok margin til å kunna tola lastevekt og forventa sjø og vind etter farvatnet og årstida.
  • Td
Konstruksjonsdgjupgjengd. Dette er avstanden frå overkant av kjølplata til der skipet er konstruert for å ha vasslinja (fullasta under normale tilhøve).
  • Spring (eng. spring)
Syner til høgdeskilnaden mellom dekk i borde ved perpendikulærane og dekk i borde midskips (nullkrysset), altså langskips stigning mot endane. Å ha spring vil dermed tyda ekstra fribord i baug og hekk.
  • Bjelkebukt (eng. camber)
Bjelkebukta er høgdeskilnaden mellom dekk i senterlinja på skipet (rett over kjøl) og dekket i borde, altså hellinga tverrskips frå midten og nedover ut mot skipssidene, som bidreg til at vatn på dekk naturleg renn av dekket. Den typiske verdien for bjelkebukta er ein 50-del av breidda (B/50).

Sjå òg endre

Kjelder endre