Skjoldastraumen sluser

59°25′45.336″N 5°37′11.420″E / 59.42926000°N 5.61983889°E / 59.42926000; 5.61983889

Ein lystbåt i slusa 15. august 2008

Skjoldastraumen sluser er den einaste saltvannsslusa i Noreg som framleis er i bruk. slusa ligg i Skjoldastraumen i Tysvær kommune og gjer det råd å komme inn og ut av Skjoldafjorden. Slusene vart offisielt opna den 14. november 1908 ved at lokalrutebåtane DS «Karmøy», DS «Robert» og DS «Skjold» kom inn fjorden og passerte gjennom slusene. Fylkesveg 515 passerer over anlegget.

Namnet endre

Det er det smale elveliknande sundet som har gitt namnet til Skjoldastraumen. På grunn av flo og fjære blir det i det smale sundet ein sterk straum som gjorde det vanskeleg for skip å komme inn og ut i Skjoldafjorden.

Historie endre

På 1800-talet var det fleire initiativ for å lette ferdsla gjennom Skjoldastraumen. Dei første planane om Skjoldestrømmens Farbargjørelse vart presentert i 1850-åra. Det vart samla inn 400 speciedalar i private bidrag for å fjerne nokon store steinar i straumen som var farlege for skipsfarten. Arbeidet med å fjerne steinane var til stor hjelp for små båtar, men større skip kunne framleis ikkje segle inn i fjorden. Skjold kommunestyre bad i 1866 departementet om hjelp til å gjere Skjoldastraumen farbar for dampskipstrafikk. Undersøkingar konkluderte med innstilling til hamnedirektøren om å grave ei djupare renne gjennom straumen. Kanalvesenet leidde arbeidet i Skjoldastraumen. Kanalen stod klar til utprøving i 1872. Det var Det Stavangerske Dampskibsselskabs DS «Skjold» som skulle prøve å forsere kanalen i dette forsøket, men prøveturen vart ein fiasko. Båten gjekk på grunn sjølv om straumtilhøva då var gunstige. Det vart gjort eit nytt forsøk på å passere kanalen i 1873. Det forsøket var òg mislykka.
Kanaldirektoratet la fram nye planar for utbetring av kanalløpet, men arbeidet vart ikkje sett i gang. Etter kvart som handelen auka på slutten av 1800-talet vart Skjoldastraumen eit endå større hinder for utvikling av kommunikasjon og næringsliv.
Skjold kommune bad i 1893 Stortinget om å få laga ein kanal i det vestre løpet. Det vart laga nye planar som hadde ein prislapp på 37 000 kroner. Staten sa seg villig til å bidra under føresetnad av at kommunen òg ville vere med å betale for den nye kanalen. Kommunestyret meinte at dei ikkje hadde pengar til å bidra med det ønskte beløpet.
Hamnedirektøren tok over saka i 1895. I 1886 vart det lagt fram planar for ein 460 m lang kanal med kammersluse og portar for låg- og høgvatn ved Straumsholmen. Kanalen skulle vere 3 meter djup og 10 m brei. Prisen ble kostnadsrekna til 112 000 kroner.
Stortinget gav i 1900 klarsignal til kanalen med ei sluse. Arbeidet starta først i 1904 og anlegget stod ferdig seint i 1908. 14. november 1908 vart slusene offisielt opna ved at Haugesund Dampskibsselskabs DS «Karmøy» og Stavangerskes DS «Robert» og DS «Skjold» passerte sluseanlegget.
Dermed kunne dampskip i fleire tiår frakte varer frå Stavanger og Haugesund til Skjoldabygdene gjennom fjorden. I 1932 blei det bygd ei bru over straumen og ei svingbru over slusene. Desse bruene var i drift fram til 1987 då det vart bygd nye bruer over straumen.

Galleri endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre