Skogerøya i Finnmark

øy i Sør-Varanger kommune i Finnmark

Skogerøya (nordsamisk Sállan) er ei øy i Sør-Varanger kommune i Finnmark. Øya ligg nordvest for Kirkenes kilt mellom Kjøfjorden, Korsfjorden, Neidenfjorden, Bøkfjorden og er open utover mot Varangerfjorden. Øya har eit areal på 129 km² og er den einaste større øya i Aust-Finnmark.

Skogerøya
Lokalt namn Sállan
Geografi
Stad Varangerfjorden
Koordinatar 69°51′N 29°52′E / 69.850°N 29.867°E / 69.850; 29.867

Areal 129 km²

Høgaste punkt Skogerøytoppen (445 moh.)

Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Finnmark

Demografi
Folketal 0

Det høgaste punktet på øya er Skogerøytoppen (Ákkelgaisá) på 445 moh. Skogerøya er ikkje busett. Tidlegare busette stader var mellom anna Revøysund, Steinskjærnes, Nordleirvåg og Sørleirvåg. Det går veg på øya frå Steinskjærnes via Sørleirvåg til Nordleirvåg. Ved Skogerøya ligg Kjelmøya der det er gjort jernalderfunn.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre