Skognattfiol
Skognattfiol | |||
Systematikk | |||
Rike: | Planteriket | ||
Klasse: | Einfrøblada | ||
Orden: | Aspargesordenen | ||
Familie: | Orkidéfamilien | ||
Slekt: | Platanthera | ||
Art: | P. bifolia | ||
Vitskapleg namn | |||
Platanthera bifolia ssp. latiflora
(Drejer) Løjtnant
| |||
Økologi | |||
Habitat: | skog, eng | ||
Utbreiing: | Eurasia |
Skognattfiol (Platanthera bifolia ssp. latiflora) er ei plante i nattfiolslekta Platanthera i orkidéfamilien (marihandfamilien).[1][2]
Utsjånad
endreDei to underartane av nattfiol liknar mykje på kvarandre. Skognattfiol har noko lengre spore enn heinattfiol, slik at han ofte stikk ut av akset på den andre sida. Dei fremre kronblada i blomen er lengre og tynnare, og ofte litt meir krøllete enn hos heinattfiol.
Utbreiing
endreEttersom inndelinga av nattfiol i to underartar er ganske ny, har dei to underartane ikkje vore registrerte separat tidlegare. Ein gjennomgang av herbariemateriale har vist at skognattfiol har eit tyngdepunkt sør på Austlandet, der han ser ut til å vere vanlegare enn heinattfiol.[3] Dei få funna som er registrerte etter 2010, tyder òg på ei overvekt av funn frå dette området.[4]
I Norsk raudliste for artar (2021) er underarten vurdert som livskraftig (LC).[5]
Underarten finst òg i Sverige (status LC, svensk namn skogsnattviol)[6] og i Danmark (EN, dansk namn langsporet gøgelilje).[7] I Finland er han ikkje rekna som underart, men som varieteten Platanthera bifolia var. latissima (LC, finsk namn pohjanvalkolehdokki).[8]
På Dei britiske øyane er det ikkje skild mellom underartane.[9] Det er det heller ikkje i Baltikum[10][11][12] eller i Benelux.[13][14]
I Plants of the World Online er planta ikkje rekna som ein eigen underart, men som eit synonym for heinattfiol.[15]
Hybridar
endreDet er gjort funn av hybridar mellom nattfiol og grov nattfiol (Platanthera bifolia × chlorantha eller Platanthera ×hybrida)[16] i Vestfold, utan at det er klarlagd kva for ein underart av nattfiol som er involvert. Hybriden er truleg oversett.[17] Hybriden med skognattfiol (Platanthera bifolia ssp. latiflora × chlorantha) er registrert nokre få stader i det sørlege Sverige.[18] I Finland er berre skognattfiol representert, så der er det denne hybriden som finst på Åland og heilt i sørvest på fastlandet,[19] og i Danmark er båe underartane representerte i hybridane.[20] På Dei britiske øyane er hybriden kjend frå spreidde lokalitetar, men det er ikkje skild mellom underartane.[9] Det same gjeld i Estland og Litauen[21][22] og i Benelux.[23]
I Sverige er nattfiol (og då helst skognattfiol) rapportert å kunne danne ein intergenerisk hybrid (hybrid mellom ulike slekter) med brudespore (Gymnadenia conopsea × Platanthera bifolia), men funnet er ikkje verifisert.[24]
Referansar
endre- ↑ «Artsdatabanken: Artsopplysningar skognattfiol». Artsdatabanken. Henta 2. mars 2022.
- ↑ «Artsdatabanken: Namnetre skognattfiol». Artsdatabanken. Henta 2. mars 2022.
- ↑ «Artskart: Skognattfiol, registrerte funn før 2010 (herbariebelegg)». Artsdatabanken. Henta 2. mars 2022.
- ↑ «Artskart: Skognattfiol, registrerte funn etter 2010». Artsdatabanken. Henta 2. mars 2022.
- ↑ «Raudlista: Skognattfiol». Artsdatabanken. 24. november 2021. Henta 2. mars 2022.
- ↑ «Artfakta naturvård: Platanthera bifolia subsp. latiflora skogsnattfiol». Artdatabanken. Henta 5. mars 2022.
- ↑ «Naturbasen: Langsporet Gøgelilje Platanthera bifolia ssp. latiflora». Naturbasen. Henta 5. mars 2022.
- ↑ «LAJI: Platanthera bifolia var. latissima». LAJI.FI. Henta 5. mars 2024.
- ↑ 9,0 9,1 Anne and Simon Harrap (2009). Orchids of Britain and Ireland (2. utg.). London: A & C Black. ISBN 978-1-408-10571-9.
- ↑ «eElurikkus: Platanthera bifolia» (på estisk og engelsk). Tartu Ülikool (Tartu universitet). Henta 5. februar 2023.
- ↑ «Latvijas daba: smaržīgā naktsvijole» (på latvisk). Enciklopēdija «Latvijas Daba». Henta 5. februar 2023.
- ↑ Zigmantas Gudžinskas, Mindaugas Ryla (2006). Lietuvos gegužraibiniai (Orchidaceae) – Orchids (Orchidaceae) of Lithuania (på litauisk). Botanikos instituto leidykla. s. 24-25. ISBN 9986-662-28-1. Henta 5. februar 2023.
- ↑ «Verspreidingsatlas Vaatplanten: Platanthera bifolia». FLORON. Henta 22. januar 2024.
- ↑ «Verspreidingskaart: Welriekende nachtorchis – Platanthera bifolia». Waarnemingen.be. Henta 22. januar 2024.
- ↑ «PoWO: Platanthera bifolia subsp. latiflora». Plants of the World Online. Henta 7. mars 2024.
- ↑ «PoWO: Platanthera × hybrida». Plants of the World Online. Henta 30. januar 2023.
- ↑ Reidar Elven mfl. (2022). Norsk flora (8. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 192–193.
- ↑ «Artfakta: Platanthera bifolia subsp. latiflora × chlorantha skogsnattviol × grönvit nattviol». Artdatabanken. Henta 30. januar 2023.
- ↑ «LAJI: Platanthera bifolia × chlorantha». LAJI.FI. Henta 30. januar 2023.
- ↑ Henrik Ærenlund Pedersen og Niels Faurholdt (2010). Danmarks vilde orkidéer. København: Gyldendalske Boghandel, Nordisk Forlag. s. 69–77. ISBN 978-87-02-06386-8.
- ↑ «eElurikkus: Platanthera bifolia × Platanthera chlorantha» (på estisk og engelsk). Tartu Ülikool (Tartu universitet). Henta 5. februar 2023.
- ↑ Zigmantas Gudžinskas, Mindaugas Ryla (2006). Lietuvos gegužraibiniai (Orchidaceae) – Orchids (Orchidaceae) of Lithuania (på litauisk). Botanikos instituto leidykla. s. 26. ISBN 9986-662-28-1. Henta 5. februar 2023.
- ↑ «Verspreidingsatlas Vaatplanten: Platanthera × hybrida». FLORON. Henta 22. januar 2024.
- ↑ «Artfakta: Gymnadenia conopsea × Platanthera bifolia brudsporre × nattviol». Artdatabanken. Henta 30. januar 2023.
Bakgrunnsstoff
endre- (no) skognattfiol hos Artsdatabanken
- (en) skognattfiol i Global Biodiversity Information Facility
- (en) skognattfiol hos The International Plant Names Index