Gammalaustslavisk

språk

Gammalaustslavisk, òg kjent som gammalrussisk (russisk древнерусский) eller gammalrutensk, var eit folkeleg skriftspråk som blei brukt frå 900-talet til 1300-talet av austslavarar i Kievriket og i dei påfølgjande statane som blei danna etter at dette riket braut saman. Det blei snakka dialektvariantar av gammelaustslavisk, i tillegg til andre språk, i om lag det området som er den europeiske delen av Russland, Kviterussland, Ukraina og i delar av dei austlege voivodskapa i Polen.

Eit manusskriptark frå Svjatoslav sine Blanda skrifter (1073).

Sidan språket er ein del av den nasjonale forhistoria til alle austslaverar har det i aukande grad i nyare tid blitt referert til som:

  • Gammalkviterussisk (kviterussisk старабеларуская eller старажытнабеларуская мова) i staden for det tradisjonelle overnasjonale старажытнаруская мова eller
  • Gammalukrainsk (ukrainsk староукраїнська eller давньоукраїнська мова) eller gammalkievisk språk (давньокиївська мова) heller enn gammalrusisk språk (давньоруська мова)

Utvikling endre

Gammalaustslavisk var ein etterkommar av urslaviske språk og heldt på mange trekk frå opphavet. Ei påfallande nyvinning i utviklinga av dette språket var utviklinga av såkalla pleofoni (eller polnoglasie, full vokalisering, nytte av heile stemmar) som kom til å skilja austslavarane frå andre slaviske dialektar. Til dømes blei vanleg slavisk *gordъ, busetjing, by, reflektert i gammalaustslavisk som gorodъ; vanleg slavisk *melko, mjølk blei til moloko i gammalaustslavisk; og vanleg slavisk *korva, ku, blei til korova i gammalaustslavisk. Andre slaviske dialektar er avvikande ved å løysa lukka stavingar likvide lydar *eRC og *aRC som flytande metatese (der eit fonem byter plass i eit ord) som i sørslavisk og tsjekkisk-slovakisk, eller ved inga endring i det heile.

Sidan det er få skriftlege nedteikningar att av språket er det vanskeleg å slå fast kor mykje språket var ei eining. Når ein vurderer talet på austslaviske stammar og klanar som utgjorde Kievriket er det sannsynleg at det var mange dialektar av gammalaustslavisk. Ein snakkar difor i dag om berre dei språka i gamle manuskript som, etter nokre fortolkninger, viser regionale skilnader frå byrjinga av dei historiske nedteikningane.

Med tida utvikla gammalaustslavisk seg til meir mangfaldige former som blei forløparane til moderne kviterussisk, russisk, rutensk og ukrainsk. Kvart av desse språka har att mykje av gammalaustslavisk grammatikk og ordforråd.

Ved slutten av «tataråket» blei området til det tidlegare Kievriket delt mellom Storhertugdømet Litauen og Storfyrstedømet Moskva, og to ulike skriftspråk utvikla seg i desse to statane, kviterussisk i vest og mellomalderrussisk i aust.

Skriftspråk i Kievriket endre

Den politiske samskipnaden av regionen til staten som blei kalla Rus’ som dagens moderne Kviterussland, Russland og Ukraina sporar opphavet sitt til, fann stad rundt eit hundreår før området blei formelt kristna i år 988 og sørslavisk gammalkyrkjeslavisk som eit liturgisk språk og ikkje minst som skriftspråk. Dokumentasjonen av språket i denne perioden er skrinn, noko som gjer det vanskeleg å slå fast det nøyaktige tilhøvet mellom skriftspråk og den dialekten som blei snakka.

Det er referansar i arabiske og bysantinske kjelder til førkristne slavarar i europeiske Russland som nytta former for skriftspråk. Til trass for ein del arkeologiske funn og ei bestyrking av munken Khrabr frå 900-talet at slavarar i oldtida skreiv i «strekar og skår og hakk» er det nøyaktige vesenet til dette systemet ikkje kjent.

Sjølv om det glagolittiske alfabetet, det eldste slaviske alfabetet, var kortvarig introdusert, noko som er vitna om ved kyrkjeinskripsjonar i Novgorod, blei det snart erstatta av kyrillisk. Døma på skrift på bjørkenever utgrave i Novgorod har gjeve avgjerande informasjon om det reine morsmålet på 900-talet i nordvestlege Russland, bortimot heilt blotta for innverknad frå kyrkjeslavisk. Det er òg kjent at lånord og oversettingslån frå bysantinsk gresk byrja å koma inn i morsmålet på denne tida, og at på same tid byrja skriftspråket å modifiserast mot austslavisk.

Det følgjande utdraget illustrerer to av dei mest kjende litterære verka.

Merk: Stavemåten er blitt delvis modernisert. Omsetjingane freistar å vera så bokstavelege som mogleg og er ikkje litterære.

Nestorkrønika endre

Nestorkrønika, ca. 1110, frå den litauiske kodeksen (manuskript), frå 1377:

Се повѣсти времѧньных лѣт ‧ ѿкуду єсть пошла руская земѧ ‧ кто въ києвѣ нача первѣє кнѧжит ‧ и ѿкуду руская землѧ стала єсть.
Disse [er] forteljingane om svunnne år, hvorfra landa til ruserne som først byrja å styra ved Kiev og hvorfra landet til ruserne har kome frå.

Tidleg språk; avfall av bokstaven Ъ er i utvikling eller moglegvis fullt (fleire ordavslutningar med ein konsonant; кнѧжит «å styra» < moderne Uk княжити, R княжить). Sørvestlige trekk omfattar времѧньнъıх, «svunnen», moderne R временных). Korrekt bruk av perfektum og aorist: єсть пошла «er/har kome» (moderne R пошла), нача «byrja» (moderne R начал som ei utvikling av den gamle tida perfektum.) Merk stilen med teiknsetting.

Igor-kvadet endre

Igor-kvadet eller Songen om Igors hærtog, Слово о пълку Игоревѣ, ca. 1200, frå Pskov-manuskriptet, 1400-talet:

Не лѣпо ли ны бяшетъ братые, начати старыми словесы трудныхъ повѣстій о полку Игоревѣ, Игоря Святъ славича? Начатижеся тъ пѣсни по былинамъ сего времени, а не по замышленію Бояню. Боянъ бо вѣщій, аще кому хотяше пѣснѣ творити, то растекашется мысію по древу, сѣрымъ волкомъ по земли, шизымъ орломъ подъ облакы.
Ville det ikkje møtast, o brør, for oss å byrja med dei gamle orda krigsforteljing til Igor, Igor Sviatoslavisj? Og å byrja slik sanne forteljingar frå denne tida, og ikkje slik Boyan fann det opp? For den visa Boyan, om han ynskte å hengi til nokon (hans) song, ville vandra som eit ekorn over eit tre, som ein gråulv over landet, som ein blåørn under skyene.

Illustrerer eposet til songen. Typisk bruk av metaforar og samanlikningar. Den tilsynelatande (russiske) feilesningen растекаться мыслью по древу (å utbreia/hella ut over/over skog) har vorte fast uttrykk i moderne russisk i tydinga «å tala vanskeleg, omstendeleg, overdrive» (feillesningen er av мыслію, «som ein tanke, tankelignende». Det er tilstades både i manuskriptkopien frå 1790 og den første trykte utgåva frå 1800, og synest å ha bliyy leidd av ei då misforstått endring i tydinga av ordet R течь, «å flyta», her «å laupa».)

Undersøkingar endre

Dei tidlegaste forsøka på å setja saman eit omfattande leksikon og ordliste av gammalaustslavisk blei gjort av Aleksander Vostokov og Izmail Sreznevskij på 1800-talet. Sreznevskij sitt verk 'Materialar for ordliste av gammalrussisk språk på grunnlag av skrivne nedteikningar' (1893–1903) er ufullstendig, men blei verande ein standardreferanse fram til det kom ei akademisk ordliste på 24 bind i åra 1975–1999.

Kjende tekstar endre

  • Bylina
  • Igor-kvadet eller Songen om Igors hærtog – det fremste litterære verket på dette språket
  • Russkaja pravda – lovtekst frå 1000-talet av Jaroslav den vise
  • Molenije Danila Zatotsjnika – bøner frå 1200-talet
  • Ei reise bortanfor dei tre sjøane

Sjå òg endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre