Skopusfjellet (hebraisk הַר הַצּוֹפִים Har HaTsofim; arabisk جبل المشارف Ǧabal al-Mašārif, جبل المشهد Ǧabal al-Mašhad eller جبل الصوانة Ǧabal al-Swana) er eit fjell (826 meter over havet) nordaust i Jerusalem. Etter den arabisk-israelske krigen i 1948 vart Skopusfjellet ein SN-verna israelsk eksklave i det Jordan-styrte territoriet, fram til seksdagarskrigen i 1967. I dag ligg Skopusfjellet innafor kommunegrensene til byen Jerusalem.

Skopusfjellet
הַר הַצּוֹפִים Har HaTsofim, جبل المشارف Ǧabal al-Mašārif
fjell
Hebraisk universitet og tårnet på Skopusfjellet frå sør
Land  Israel
Distrikt Jerusalem distrikt
Fjellkjede Judeafjella
By Jerusalem
Høgd 826 moh.
Koordinatar 31°47′33″N 35°14′39″E / 31.79250°N 35.24417°E / 31.79250; 35.24417
Kart
Skopusfjellet
31°47′33″N 35°14′39″E / 31.7925°N 35.244166666667°E / 31.7925; 35.244166666667
Wikimedia Commons: Mount Scopus

Namn endre

Åsryggen aust for både den gamle og moderne Jerusalem gjev flott utsyn over byen. Sidan hovuddelen av ryggen heiter Oljeberget, vart namnet «utkikk» nytta om ein topp nordaust for gamlebyen. Dette har ført til dei forskjellige namna på hebraisk arabisk, gresk og latinsk, som alle tyder «utkikk».

Historie endre

Antikken endre

Med utsyn over Jerusalem var Skopusfjellet ein strategisk viktig stad som base, der ein kunne angripe byen frå. Den 12. romerske legionen hadde leir her i år 66 evt.[1] I år 70, då krigen var over og øydelegginga av Det jødiske tempelet vart Skopusfjellet nytta som ein base for den endelege kringsetjing av byen av den same 12. legionen, i tillegg til andre legionar.[2]

Moderne tid endre

Den nøyaktige plasseringa av Skopusfjellet er ikkje kjend. Han er i antikke kjelder skildra å vere i nordaust på ryggen som omfattar Oljeberget, og som ruvar over Jerusalem i aust. Då sionistorganisasjonen valde å bygge eit nytt jødisk institutt for høgare utdanning, som etter kvart vart Det hebraiske universitetet, meinte dei det var uklokt å prøve å få midlar til å legge dette til Oljeberget, som er viktig for kristendomen. Dei valde i staden ei høgd i nærleiken, som dei valde å kalle Skopusfjellet. Namnet vart etter kvart daglegdags.

Galleri endre

Kjelder endre

  1. Rome and Jerusalem; The Clash of Ancient Civilizations. Martin Goodman s. 13
  2. "The Jewish Wars" Josefus v 81 og 82

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Skopusfjellet