Skudenes fyrstasjon

(Omdirigert frå Skudenes fyr)

Skudenes fyrstasjon er eit fyr som ligg ved innseglinga til SkudeneshavnKarmøy i Rogaland, på nordsida av Skudenesfjorden.

Skudenes fyrstasjon

FylkeRogaland
KommuneKarmøy
FunksjonKystfyr
Oppretta1799
Fyrtårn
ByggjematerialeTre
Status
EigarPrivat
Nedlagt1924
VernestatusFreda etter lov om kulturminne
Kart
Skudenes fyrstasjon
59°08′36″N 5°16′33″E / 59.1433°N 5.27573°E / 59.1433; 5.27573
Skudenes fyrstasjon is located in Rogaland
Plasseringa til Skudenes fyrstasjon

Fyret vart oppretta i 1799. Fyrstasjonen ligg i eit klippelandskap og områda mellom klippene ber preg av å ha vorte nytta som beitemark. Her ligg den tidlegare fyrbygningen i tre med grunnmur etter lyktehus på det søraustlege hjørnet. I tillegg finst bustad og uthus. Det er òg spor etter eit kolhus og anlegg frå den andre verdskrigen i området. Fyrstasjonen vart nedlagt i 1924, lyktehus rive og bygningane seld.

Fyrstasjonen ligg ytst på ein høg klippe i eit særprega landskap. Den høge alderen og at bygningane stor sett er som då dei vart bygd gjer at fyrstasjonen er freda etter lov om kulturminne.

Sjå òg endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre