Skudenes fyrstasjon
Skudenes fyrstasjon er eit fyr som ligg ved innseglinga til Skudeneshavn på Karmøy i Rogaland, på nordsida av Skudenesfjorden.
| |||
Fylke | Rogaland | ||
---|---|---|---|
Kommune | Karmøy | ||
Funksjon | Kystfyr | ||
Oppretta | 1799 | ||
Fyrtårn | |||
Byggjemateriale | Tre | ||
Status | |||
Eigar | Privat | ||
Nedlagt | 1924 | ||
Vernestatus | Freda etter lov om kulturminne | ||
Skudenes fyrstasjon 59°08′36″N 5°16′33″E / 59.1433°N 5.27573°E | |||
Fyret vart oppretta i 1799. Fyrstasjonen ligg i eit klippelandskap og områda mellom klippene ber preg av å ha vorte nytta som beitemark. Her ligg den tidlegare fyrbygningen i tre med grunnmur etter lyktehus på det søraustlege hjørnet. I tillegg finst bustad og uthus. Det er òg spor etter eit kolhus og anlegg frå den andre verdskrigen i området. Fyrstasjonen vart nedlagt i 1924, lyktehus rive og bygningane seld.
Fyrstasjonen ligg ytst på ein høg klippe i eit særprega landskap. Den høge alderen og at bygningane stor sett er som då dei vart bygd gjer at fyrstasjonen er freda etter lov om kulturminne.
Sjå òg
endreKjelder
endre- «Skudenes fyrstasjon». Norsk Fyrhistorisk Forening.
Bakgrunnsstoff
endre- Skudenes fyrstasjon i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren