Slettsnok

krypdyrart
Slettsnok
Slettsnok
Slettsnok
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: NT Nær truga[1]Utbreiinga av slettsnok
Utbreiinga av slettsnok
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Krypdyr Reptilia
Orden: Skjelkrypdyr Squamata
Overfamilie: Colubroidea
Familie: Snokar Colubridae
Underfamilie: Ekte snokar Colubrinae
Slekt: Coronella
Art: Slettsnok C. austriaca
Vitskapleg namn
Coronella austriaca

Slettsnok (Coronella austriaca) er ein orm i snokfamilien. Han er ein av dei tre ormeartane som lever fritt i Noreg, og trivst best i turre, varme område langs kysten frå Østfold til Jæren.[2] Han finst elles i sørover til Sør-Europa og austover til Kaukasus. Slettsnoken kan bita, men er ikkje giftig.

Utsjånad endre

Slettsnoken blir inntil ca 80 cm lang og 200 gram tung, og hoene vert noko lengre og mørkare enn hannane. Den lengste slettsnoken som er målt i Noreg var 89 cm. Fargen er brun eller grå, med ein stor mørk flekk på hovudet. Han er lett å kjenna på runde pupillar, mørk stripe gjennom auga og dei to rekkjene med mørke flekkar langs ryggen. Dette skil han frå den større buormen med gule eller kvite nakkeflekkar, og hoggormen med det typiske sikksakk-mønsteret. Dessutan er skjela glatte i motsetnad til skjela til hoggorm og buorm. Snoken er varmekjær og vert rekna som ein sårbar art i norsk natur.[1]

Åtferd endre

Slettsnoken er ein god klatrar, men trivst best nede på bakken der han kan gøyma seg mellom buskar og gras. Slangar er vekselvarme dyr, så dei må varma seg opp av sola. Er det kaldt i vêret, vert rørslene til snoken tregare. Slettsnoken lever av firfisler, stålorm, fugleungar, smågnagarar, fisk og insekt. Han er ein kvelarslange som slyngjer seg raskt og kraftfullt rundt bytet sitt. Tek du ein slettsnok i halen, klarar han ofte å sno seg opp og bita deg i handa.

Slettsnoken blir kjønnsmogen når han er 3-5 år gamal. I september - oktober legg han seg i vinterdvale som varer til april - mai. I mai skjer paringa, og snoken føder 2-14 ungar i august/september.

Slettsnoken er oppført på raudlista over trua artar.[1] Alle frittlevande slangar i Noreg er freda etter viltlova.

Slettsnok er vurdert som nært trua NT på grunn av avgrensa førekomstareal, kraftig fragmenterte delpopulasjonar, pågåande nedgang av habitatet og talet til arten lokalitetar, og dessutan at det strenge habitatkravet til arten, små heimeområder, og korte vandreavstander gjer han til ein dårleg kolonisator.[1]

Fotnotar endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Dervo B, Strøm BS og van der Kooij J (24. november 2021). «Amfibier og reptiler: Vurdering av slettsnok Coronella austriaca for Norge. Norsk rødliste for arter 2021.». Artsdatabanken. Henta 11. mars 2022. 
  2. «Artsdatabankens artsopplysningar». Artsdatabanken. 11. mars 2022. Henta 11. mars 2022.