Slippin' and Slidin'
Slippin' and Slidin' (Peepin' and Hidin') Song av Little Richard | ||
Utgjeve | Mars 1956 | |
Sjanger | Rock and roll | |
Lengd | 2:10 | |
Selskap | Specialty (SP-572-45) | |
Komponist | Albert Collins | |
Tekstforfattar | Eddie Bo, Albert Collins, Little Richard, James Smith | |
Låtskrivar(ar) | Richard Penniman (Little Richard), Edwin Bocage (Eddie Bo), Al Collins, James Smith | |
---|---|---|
Produsent | Robert Blackwell |
«Slippin' and Slidin' (Peepin' and Hidin')» er ein R&B/rock 'n' roll-song framført av Little Richard. Låtskrivarane som var oppført var Little Richard, Edwin Bocage (Eddie Bo), Al Collins og James Smith.[1]
Al Collins spelte først inn songen som «I Got the Blues for You», så endra Eddie Bo songen i 1956 og kalla han «I'm Wise». Innspelinga til Bo kom ut som singel på Apollo Records.[2][3] Little Richard endra litt på songen same året og nytta tittelen «Slippin' and Slidin'». Versjonen hans kom ut på debutalbumet hans, Here's Little Richard.[4] Han spelte inn fleire versjonar for Specialty fram til februar. I 1956-versjonen vart gjeven ut som B-sida til «Long Tall Sally». Richard spelte inn songen igjen for Vee Jay i 1964 og Modern i 1965 (live). Ein annan versjon kom ut på ein Modern-singel, og ein trur denne kom frå ei innspeling for Vee Jay.
«Slippin' and Slidin'» var tiittelen på ein song skriven av Maxwell Davis og framført av Calvin Boze and His All Stars, og kom ut i mai 1951 på Aladdin Records (3086).
Medverkande
endreAndre versjonar
endre- Songen vart spelt av Dickie Pride i 1959.
- The Rivingtons spelte inn ein versjon på debutalbumet Doin' the Bird i 1962.[5] Dei spelte òg inn «Long Tall Sally» for dette albumet.
- Songen vart spelt av Buddy Holly på albumet Reminiscing, og både hans og Little Richard-versjonen var på jukeboksen til John Lennon.
- Ralph Williams/The Marauders spelte inn ein versjon i 1964.
- The Beatles jamma ein versjon i Twickenham under Get Back-innspelinga.
- John Lennon spelte inn sin versjon av songen i 1975 på albumet Rock 'n' Roll og framførte songen på Old Grey Whistle Test i april 1975.
- Billy «Crash» Craddock spelte songen i 1973 på albumet Mr. Country Rock.
- Johnny Winter spelte songen i 1969 på albumet Second Winter.
- Otis Redding gav ut songen på albumet Tell the Truth, innspelt i 1967 og posthumt gjeven ut i 1970.
- Maureen Tucker gav ut songen på albumet Playin' Possum i 1982.
- Den brasilianske songaren Raul Seixas skreiv ein portugisisk tekst til songen, kalla «Não fosse o cabral». Denne kom ut på Raul Seixas i 1983.
I tillegg spelte The Band ein konsertversjon av songen i dokumentarfilmen Festival Express.
The Adventures of Super Mario Bros. 3 inneheld ein versjon av songen i episoden «The Beauty of Kootie».
Songen vert nytta i filmane The Delinquents (1989) og Casino (1995).
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Slippin' and Slidin'» frå Wikipedia på engelsk, den 16. juli 2017.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Slippin and Slidin - Little Richard | Listen, Appearances, Song Review». AllMusic. Henta 15. juli 2017.
- ↑ «The Official Eddie Bo Web Site». Eddiebo.com. 18. mars 2009. Henta 15. juli 2017.
- ↑ Steve Huey. «Eddie Bo | Biography». AllMusic. Henta 15. juli 2017.
- ↑ Richie Unterberger (5. desember 1932). «Little Richard | Awards». AllMusic. Henta 15. juli 2017.
- ↑ «Rivingtons, The - Doin' The Bird». Discogs.com. Henta 15. juli 2017.