Slegel

(Omdirigert frå Sloge)

Slegel eller sliul er ein reiskap som har vorte brukt til tresking av korn. Han er samansett av to samanbundne trestykke, der det eine blir slått mot kornet. Reiskapen er kjend under ei rekkje namn i Noreg, som fløyte, sliul, sloge og tust, sjå under.

Slegel.

Skildring endre

Skaftet er om lag 1,2 meter langt. Det vert kalla handvol eller tustarvol. Det andre trestykket er noko kortare og tjukkare. Han vert kalla slagvol eller dettvol, er ofte rund eller åttekanta. Dei to delane er festa med ei slureim. Ho er ofte laga av vidje, ei oksesene eller eit åleskinn. Tog har og vorte brukt, men det har ikkje vorte rekna som like bra. Når det vart treska skulle slagvolen treffe flatt ned på kornet.

Treskinga vart for det meste utført på førejulsvinteren, tidleg på morgonen før det vart ljost nok til å arbeida ute. Ein kunne då høyra dumpe slag frå slegelen på alle låvane bortetter bygda. Det var best å treskja nå det var kaldt, for då slapp kjernene lettare.

Galleri endre

Bruk endre

 
Mann og kvinne tresker med slegel. Illustrasjon frå 1400-talet.

Tresking med slegel er ei tidleg oppfinning som var i utbreidd bruk fram til 1800-talet, då mekaniske treskeverk overtok. På mindre avlingar kunne ein fortsetja å bruka slegel også seinare.

Reiskapen fekk ei viktig symbolsk tyding i det gamle Egypt, der han saman med hyrdestaven stod for farao. Slegelen viste til at den guddommelege faraoen sytte for mat til folket sitt. Gudane Osiris oog Anubis hadde også slegel som symbol.

 
Jan Žižka leier bondehær med sleglar.

Som mange andre landbruksreiskapar kunne bønder også nytta slegel som våpen. Ein kjenner mellom anna til at bøhmiske husittar leia av Jan Žižka brukte dette på 1400-talet. Som regel ville ein då festa metallpiggar eller liknande til slagvolen.

Galleri endre

Namn endre

Andre namn på denne reiskapen er:

  • sluå, sloå, sløg(g)u (Nordmøre)
  • sloge, sliul, slue, sluggu (Trøndelag, Austlandet)
  • slire (Hedemark)
  • flygel, fløye (Telemark)
  • tust (Vestlandet)

Kjelder endre

  • Kristoffer Visted og Hilmar Stigum: Vår gamle bondekultur, Cappelen, Oslo 1970. ISBN 82-02-07709-5
  • Steinar Imsen og Harald Winge: Norsk historisk leksikon, Cappelen, 1974.
  • Ivar Aasen: Norsk Ordbog, Vestmannalaget. Alb. Cammermeyers Forlag, 1918.
  • Hey, David (ed.) (2009), «threshing», The Oxford Companion to Local and Family History, Oxford University Press 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Slegel