Småting

song frå 1972 med Benny Borg og Grethe Kausland
«Småting»
av Hanne Krogh og Benny Borg & Grethe Kausland
Land Noreg
Språk Norsk
Utgjeve 1972
Låtskrivar(ar) Ivar Børsum og Kåre Grøttum

«Småting» er ein song av Hanne Krogh og Benny Borg & Grethe Kausland frå 1972. Songen er skriven av Ivar Børsum og Kåre Grøttum.[1]

Eurovision endre

Melodi Grand Prix 1972 endre

«Småting» deltok i Melodi Grand Prix 1972, den norske uttakinga til Eurovision Song Contest 1972 i Edinburgh i Storbritannia. Songen vart framført på norsk av Hanne Krogh med eit lite orkester, og så på nytt av Benny Borg & Grethe Kausland med eit stort orkester. Bidraget vann med 43 poeng.[2][3]

Eurovision Song Contest 1972 endre

  «Småting»
Eurovision Song Contest 1972
Land Noreg
Artist(ar) Benny Borg & Grethe Kausland
Medverkande Carsten Klouman (dirigent)
Språk Norsk
Komponist(ar) Ivar Børsum og Kåre Grøttum
Låtskrivar(ar) Ivar Børsum og Kåre Grøttum
Resultat
Finalepoeng 73
Finaleplass 14
Noreg i Eurovision Song Contest
«Lykken er»
(1971)
«Småting» «It's Just a Game»
(1973)

Etter sigeren i Melodi Grand Prix 1972 fekk «Småting» representere Noreg i Eurovision Song Contest 1972. Benny Borg & Grethe Kausland framførte songen på norsk, og enda på 14. plass med 73 poeng; sju frå Finland, seks frå Irland og Luxembourg, fem frå Spania, Portugal, Malta og Jugoslavia, fire frå Vest-Tyskland, Storbritannia, Sverige, Monaco, Belgia og Nederland, tre frå Frankrike og Austerrike og to frå Sveits og Italia. Carsten Klouman var dirigent.

Fotnotar endre

  1. «MGP 1972» (på norsk). OGAE Norge. Henta 6. juli 2014. 
  2. «Norway 1972» (på engelsk). esc-history.com. Henta 6. juli 2014. 
  3. «NORWEGIAN FINAL 1971» (på engelsk). natfinals.50webs.com. Henta 6. juli 2014.